Pizzasnurrar

KLARE TIL STEIKING: Pizzasnurrar fungerer alltid - som turmat eller framfor peisen. Desse kan til og med minstemann vere med og lage.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Grove pizzasnurrar

Pizzasnurrar er godt eigna som turmat, men også framfor peisen som lett kveldsmat. Og med grovt mjøl i, blir dei litt sunnare.

Slik gjør du

Smelt smør og tilsett mjølk, varm det opp til 38°C. Tilsett gjær og sukker. Legg veska i ei kjøkkenmaskin og tilsett mjølet. La det elte i ca 10 min til ein smidig deig. La det heve til dobbel størrelse.

Brune kjøttdeiga saman med finhakka løk. Bland i tomatpuré, eller boks med hakka tomatar. La putre eit kvarter.

Kjevl deigen ut til ein firkant og legg fyll og litt ost på. Rull deiga saman og kutt opp i 1 cm tjukke skiver, legg på brett, dryss ost på toppen saman med oreganokrydder, og la dei heve til dobbel størrelse.

Steikast på 200 °C i ca 15 min.

Tips

Fyllet kan varierast med skinke, champignon, mais og alt anna du likar.

Dersom barna ikkje likar bitar av løk i maten, kan det vere smart å mose løken med ein stavmiksar.

Bruk gjerne også ost med litt smak. Jarlsberg og mozarella smakar veldig godt.

Kilde: Sander Øen Omberg, elev ved kokkelinja ved Måløy vidaregåande skule