Hopp til innhold

SAUSEN: Sennepssausen passar godt til gravlaksen.

Grava laks med sennepssaus

Det er enkelt å lage sin eigen gravlaks. Den smakar godt saman med ein god, heimelaga sennepssaus.

Slik gjør du

Fileter fisken. Ta bort beina, men lat skinnet henge på. Ein kan òg kjøpe ein frosen filet.

Dryss sukker på filetane først. Dryss så på salt og pepar og gni det forsiktig inn i fisken. Bruk om lag 1/3 av saltet.

Ha på rikeleg med dill og legg så filetane med kjøtsida mot kvarandre. Dryss resten av saltblandinga på skinnsida og legg fisken i ein plastpose i kjøleskåpet. Det er praktisk å legge fisken på aluminiumsfolie og pakke den inn i det før ein legg den i plastpose.

Snu fisken ein gong i døgnet. Fisken er ferdig etter 3- 4 døgn.

All fisk til graving skal ein fryse minst eit døgn før eller etter graving.

Skjer laksen i tynne skiver og server den med heimelaga sennepssaus og godt brød.

Sennepssausen

Rør saman sennep, sukker, eddik og spe med olje medan ein rører. Rør inn rømme og smak til med salt og pepar. Rør inn finhakka dill. Denne sausen er spesielt god til gravlaksen.

Tips

Bruk raps- eller soyaolje i sausen. Brukar du olivenolje, vil den stivne i kjøleskapet og sausen blir ikkje like fin.

Rør i sausen medan du heller i oljen, for då tjuknar sausen.

Kilde: Kari Støfringsdal