NRK Meny

Grava hjort

Grava hjort er god mat på bordet i jula. Kjøkkensjef John Ove Grov føreslår at vi serverer kjøtet ved sidan av ein god salat og ein potetsalat.

Slik gjør du

Legg kjøtstykket i ei form og stø på krydder, salt og sukker. Det skal vere like delar salt og sukker. Legg over dei bæra du vil ha og tøm over litt druebrennevin eller heimelaga øl. Eit par desiliter passar bra.

Legg kjøtet under press i tre til fire dagar. Kjøtet skal snuast 2-3 gongar per dag. Den ideelle temperatur for graving av laks er rundt 8 ºC, men viss du ikkje har eit kjølerom kan det stå i kjøleskap eller ei kjøleg utebod.

Skjer hjortekjøtet opp i løvtynne skiver.

Tips

Tilbehør
Ein god syrleg salat lagar du ved å blande ulike salatar som ruccula, hjertesalat og lollo rosso. Hell over litt sitron, valnøttolje, salt og kverna peppar og løft alt forsiktig saman.

Du kan og lage ein enkel potetsalat ved å koke og hakke opp poteter og blande i paprika og friske urter etter smak. Finhakk ein raudløk og hell over olivenolje og kverrna salt og peppar.

Godt brød, flatbrød, røme og tyttebær smakar og nydeleg til grava hjortekjøt.

Kilde: John Ove Grov