NRK Meny
Heimelaga leverpostei smakar godt på frukostbordet. Kokk Steinar Lindstrøm deler si favorittoppskrift. Prøv du og.

SLIK LAGAR DU LEVERPOSTEI: Det er enklare enn du trur å lage ein god leverpostei. Kokk Steinar Lindstrøm og reporter Gro Ravnestad viser deg korleis. Foto/redigering: Ahmad Dean, NRK

God, gammaldags leverpostei

Heimelaga leverpostei smakar godt på frukostbordet. Kokk Steinar Lindstrøm deler si favorittoppskrift. Prøv du og.

Slik gjør du

Forvarm omnen til 160 grader. Mal levera i kvern ein gong, saman med lauk, ansjos og laurbærblad. Dersom du vil ha ein fin postei, kan du male den to gongar.

Tilsett egg, salt, kveitemjøl og krydder. Bland alt godt saman. Spe med varm mjølk til alt er godt blanda. Bak posteien i vassbad i omnen, ca. 1 time.

Etter ein time stikk du eit steiketermometer i midten av leverposteien. Temperaturen bør vere 80–85 grader når du tek den ut av omnen.

Tips

Du kan legge plastfolie i botnen og oppover sidene av formene, før du har i røra. Då vil det vere enklare å ta ut den ferdig steikte leverposteien. Plasten vil ikkje smelte, når temperaturen i omnen ikkje er høgre enn 160 grader og du set formene i vassbad.

Kilde: Steinar Lindstrøm