NRK Meny

Fransk landbrød

Turbobudeia i Nitimen, Bodil Nordjore, gir deg sine beste brødoppskrifter.

Slik gjør du

Dette er surdeigsbrød. Då nyttar eg 20 gram surdeig som eg har ståande som kultur. Det dannar grunnlaget for den neste surdeigen. So rører eg denne ut i lunka vatn, tilset kveite, og so litt meir kveite og vatn i tre-fem dagar. Den vert betre dess lengre den står.

Når den er klår for neste etappe, gjer eg ferdig deigen, og lat den få god tid til heving. Eg kan godt la den stå frå ein kveld til neste dag.

Bakar so ut trinne brød, ikkje for store, når eg nyttar surdeig (dei treng mindre omfang å arbeide i), gjev dei ein lun stad til heving, og penslar gjerne med kaffe.

Bakar ut passa store og faste brød.

Set omnen på det varmaste, og lat den vera so varm når eg set inn i brøda. Lar dei stå slik om lag ti minutt, og so ned med temp. til 170 °C på varmluft. Lar dei steike i totalt 45 – 55 min, litt ettersom kor store brøda er.

Tips

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i Nitimen