NRK Meny
Fransk eplekake

Eplekaka serverer du med iskrem, vispa krem eller vaniljesaus.

Foto: Egil Torheim / NRK

Fransk eplekake

Alle har litt restar etter jula, og ofte blir epla liggande og nesten tørka inn i varmen. No har du sjansen til å bruke epla på ein nydeleg fransk vri på ei eplekake.

Slik gjør du

Lag først ei blanding av smør ogsukker som du rører porøs og kvit. Tilsett malte mandlar, 2 eggeplommer og safta frå ei halv sitron og dessutan rivent skall av den halve sitrona.

Eggekviten frå dei 2 egga piskar du stiv i ein eigen bolle og blandar den forsiktig inn i deigen av mandlar, smør, osv.

På førehand har du laga sukkerlake av 1 dl sukker og 4 dl vatn. I den kokar du 5-6 epler som er skrelte, tatt ut kjernehuset frå og delte i to.

Smør så ei langpanne, legg dei mørna epla opp ned og smør mandeldeigen over. Steik dette i 30 minuttar på 225 °C til toppen av kaka er delikat brun.

Ta ut eplekaka, skjær opp og server med iskrem, vispa krem eller vaniljesaus.

Garantert ei suksesskake!

Kilde: Fra Godt for ganen/NRK Hordaland