Ingrid Espelid Hovig lager fløytegratinerte poteter.

Se Ingrid Espelid Hovig lage fløytegratinerte poteter i Fjernsynskjøkkenet hausten 1992.

Fløytegratinerte poteter

Fløytegratinerte poteter er festmat som du gjerne kan lage klar dagen før servering. Ingrid Espelid Hovig deler oppskrifta ho har fått frå Bent Stiansen.


Følg NRK mat på Pinterest

Slik gjør du

Vask og skrell potetene og skjer dei i skiver. Hakk løken. Finhakk kvitløken hvis du vil ha kvitløk med. Ha potetskivene i ein kjele saman med mjølk, fløyte, løk og kvitløk. Kok opp og la det småkoke i 10 minutt. Smak til med salt, pepar og muskat.

Fyll alt i eldfast form. Dekk med riven ost og la forma stå i steikjeomnen ved 225 °C i ca. 15 minutt, eller til potetskivene er møyre og osten er blitt gyllenbrun.

Tips

Fløytegratinerte poteter kan godt lagast dagen i førevegen og varmast før servering.

Se også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1992