Fem filoknutar som er fylte med fetaost, spinat og pinjekjerner på eit kvitt serveringsfat.

Knasande sprø, og uimotståeleg gode. Filoknutar med ost, spinat og pinjekjernar.

Foto: Trädgårdstider / SVT

Filoknutar med ost og pinje­kjernar

Herlege knutar til både piknik, turmat eller lunsj. Spinat og fetaost er så godt saman, spesielt viss dei får følge av pinjekjernar.

Slik gjør du

Start med å koke egga til dei er hardkokte, cirka 8–10 minutt. Skyl egga kaldt og skrell dei. Hakk dei fint opp og legg dei i ein bolle.

Skrell og finhakk løk og kvitløk. Steik i litt smør til løken er gjennomsiktig.

Tilsett pinjekjernane og steik til dei har fått litt lysebrun farge.

Ha i spinaten og røyr rundt til den er heilt mjuk. Smak til med salt og pepar. La spinaten avkjølast. Klem ut litt av væska og legg spinaten saman med egga.

Smuldre fetaosten og bland godt.

Smelt litt smør i ein kjele. Legg to filodeigplater på ei skjerefjøl og pensle lett med litt smelta smør. Legg cirka 3 spiseskeier fyll i det eine hjørnet. Brett filodeigen i to slik at du dekker fyllet og at du har ei lang, smal form framfor deg.

Begynn nå med å brette inn fyllet som ein trekant fleire gonger på langs slik at du brettar inn heile filodeigen. Fest den siste biten med litt smelta smør og pensle også toppen lett med smør. Legg på tallerken.

Fortsett til du har brukt alt fyllet.

Til slutt steiker du knutane i omnen på 220 grader til dei er gyllenbrune.

Sett til avkjøling.

Kilde: Tareq Taylor frå TV-serien «Hygge i hagen»/SVT