Steinar Lindstrøm tryllar fram gode smaker frå barndommen i Lofoten. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

VINTERMAT: Kokk Steinar Lindstrøm tryllar fram gode smaker frå barndommen i Lofoten. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland

Fersk torsk, lever og rogn

I de første månadene i året er torsken på sitt aller beste. Og med lever og rogn som tilbehøyr, får du berre lyst til å bestille ein sofa til dessert.

Slik gjør du

Start med å pakke rogna inn i eit matpapir og knyter eit snøre rundt. No er den klar til å leggast i lettsalta vatn. Lat rogna koke lett ein halvtimes tid.

Levra blir vaska, reinska for hinner og kutta i små bitar. Etterpå legg du den i litt kaldt vatn i lag med sjalottlauk og raust med pepar. Når levra har kokt opp, har du i ei teskei kaldt vatn for å fjerne transmaken. Levra skal trekke i 10 minutt.

Kok opp ei spiseskei salt per liter vatn og legg torsken i kokande vatn. Ho skal ikkje koke, men trekke i rundt 4-5 minutt avhengig av tjukkleiken på fiskestykket.

Smørsaus gjer susen og du startar med å koke opp vatn i lag med finhakka lauk og persille. Ha i smør og crème fraîche, og smak til med litt salt.

Skjær rogna i fine skiver, og legg den ferdige levra i ei skål for seg sjølv. Server fisken med gulrøter og kokte poteter.