Hopp til innhold

Fem kjappe kvardagsmiddagar

Vi liker middagar som er kjappe å lage i ein travel kvardag. Kanskje du finn den nye favoritten din blant desse fem oppskriftene.

Laksespyd med søt chilisaus

Matredaksjonen sier denne pastaretten smaker vidunderlig. Laksespyd med søt chilisaus, vårløk, sesamfrø og koriander.

Foto: Lise Finckenhagen

Sunn brokkolisuppe

Brokkoli er ei vitaminbombe som inneheld folat, vitamin C og kostfiber. I denne oppskrifta frå Kjartan Skjelde utnyttar vi heile brokkolien. Først koker du suppe på stilken, og så bruker du bukettane til garnityr.

Fisk på spyd

Saftige laksespyd pensla med søt chilisaus er enkle å lage, lette å like og dei er klare på få minutt. Ein frisk og sødmefull salat med jordbær og avokado er supert tilbehøyr til denne fiskeretten frå Lise Finckenhagen. Vil du gjere den endå meir mettande kan du òg servere ris til.

One-pot-pasta

Vi held fram med ein rett frå Finckenhagen. Alt-i-ett-gryte med pasta, kjøttsaus, masse gode smaker, minimal innsats og ikkje noko oppvask. Det kan vi like.

Fyll din quesadilla med det du liker

Denne meksikanske retten smell du kjapt saman. Quesadilla består av tortilla fylt med ost og anna godt fyll. Sørlandsskokken Rolf T. Øygarden bruker mellom anna paprika, chili og kylling.

Pasta al limone

Sitronpasta er forbløffande enkelt og fantastisk godt, ifølgje Rolf T. Øygarden. Pasta, frisk sitron, pepar og fløte i ein vedunderleg kombinasjon, som får gjestene dine til å applaudere og rope bravissimo!