Hopp til innhold

Favorittkakene gjennom ni år

Hos NRK Mat er det ingen hemmelegheit at kaker er svært populært. Me tjuvstartar feiringa av kakedagen 8. april, og gir deg dei mest leste kakeoppskriftene gjennom dei siste ni åra.

Firkløverkake

Firkløverkaka frå Marit Hegle er favorittkaka blant våre lesarar så langt i 2019.

Foto: Marit Hegle

2011, 2014 og 2017!

Denne nøttekaka har vore ein favoritt mange gonger sidan Lise Finckenhagen delte oppskrifta i 2011. Kanskje ikkje så rart når du får ein herleg nøttebotn toppa med seig sjokoladekrem og luftig krem smakt til med kaffi. Spørsmålet er om me vil sjå ho på topp igjen?

2012

I 2012 var det nok ein gong Lise Finckenhagen som slo til med den mest populære kaka. Denne gongen med ein friskare variant i form av ei lekker ostekake med bringebær og lime.

2013

Året etter var det ein syrleg variant som trona heilt øvst. Kaka kjem frå TV-kokken Niklas Ekstedt, som fortel at denne kaka var grunnen til at han ville bli kokk. Ikkje småtteri det!

2015

«Fri for»-kaka trona øvst i 2015. Ei lekker blåbærkaka utan gluten, tilsett sukker og mjølk, frå Alexandra de Paoli.

2016

Dette året var Lise Finckenhagen tilbake med nok ei freistande kaka. Ein påskegul og syrleg dessert som består av kjekssmular, sitronkrem og marengs.

2018

Etter at me fekk Marit Hegle med på laget har hennar kaker dominert i nyare tid. I fjor vart suksessterta med tre lag mandelbotn og tre lag gul krem ein sikker vinnar.

2019

Sjølv om me berre er i april fortset Marit Hegles kaker å imponera i år. Firkløverkaka hennar pirra nysgjerrigheita til mange, og me mistenker at kaker med gul krem er ein favoritt hos mange.

Me gler oss til fortsetjinga!