Video Ingrid Espelid Hovig lager fastelavnsboller

Ingrid Espelid Hovig lager fastelavnsbollar og viser oss fleire måtar å fylle og pynte dei på.

Fastelavnsbollar frå Ingrid Espelid Hovig

Ingen ting er så godt som nysteikte, luftige og lette kveitebollar. Og denne oppskrifta slår aldri feil, vel å merke dersom vi berre gir gjærdeigen lun nok atmosfære og god nok tid til å utvikle seg.


Følg NRK mat på Pinterest

Slik gjør du

Smelt margarinen, ha i mjølka og varm væska til fingervarm, 37 °C. Ha gjæren i væska og rør han ut. Hell væska i ein bolle og ha i sukker og mjøl blanda med kardemomme og hornsalt. Elte deigen riktig seig og fin. I ein kjøkkenmaskin kan deigen eltast i 3-4 minutt ved middels fart.

Dekk deigbollen med plast smurt med olje eller smelta margarin, så plasten ikkje skal henge fast i deigen når den hevar seg. Legg gjerne eit klede over også. La deigen heve på ein lun stad til han er dobbelt så stor.

Dryss litt mjøl over bordet og skrap deigen ut. Få litt mjøl rundt heile deigen så han ikkje skal klistre seg til bordet. Trill deigen ut til ei lang pølse og del i 24 eller 32 emne, alt etter kor store bollar ein vil ha.

Trill emna til glatte bollar. Der er vanskeleg å trille bollar dersom det er for mykje mjøl på bordet. Derfor går det ofte best ved berre å gni mjøl på hendene.

Set bollane med litt mellomrom på smurd plate eller plate dekt med bakepapir. Dekk med klede og la bollane heve til dei er riktig lubne og kjennest fløyelsmjuke å ta på.

Vil vi ha blank skorpe, kan bollane penslast lett med egg vispa saman med litt vatn.

Steik kveitebollane på nedste rille i omnen ved 230 °C i 8-12 minutt, alt etter storleiken. Avkjøl bollane på rist.

Fastelavnsbollar kan fyllast med syltetøy og krem, marsipan og krem, eggekrem blanda med fløytekrem eller rein fløytekrem.

Bollane kan pyntast med eit lett melisdryss, melisglasur, evt strødd med kokosmasse eller farga melisglasur strødd med litt kakepynt.

Tips

Margarinen i bolledeigen kan godt bytast ut med soyaolje. 1 dl soyaolje veg 90 g. 80 g soyaolje svarar til 100 g margarin, så ta i underkant av 1 dl soyaolje i deigen. Lunk olja saman med mjølka.

Sukkeret i bollane kan bytast ut med kalorifritt søtingsmiddel. Bland for eksempel flytande suketter i mjølka. Smak deg fram, eller følg bruksrettleiinga på flaska.

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1988