NRK Meny
Video Ingrid Espelid Hovig lager ertesuppe

Erter er god og billig mat. I 1992 kosta dei 6 kroner og 10 øre. Sjå Ingrid Espelid Hovig koke suppe på erter og skinkeknoke.

Ertesuppe

Ingrid Espelid Hovig er opptatt av å lage mat som er enkel å ta til seg når vi sit klar foran fjernsynet for å sjå dei aller beste på ski.

Slik gjør du

La ertene ligge i bløyt i kaldt vatn natta over. Hell bort bløytevatnet og spyl ertene i kaldt vatn. Ha dei i kjelen saman med ein lettsalta skinkeknoke. Ha på vatn til det så vidt dekkjer. Kok opp utan lokk. Skum av eventuelt skum, og la erter og kjøt koke til begge delar er ferdigkokt, 1-1 1/2 time

Vask og skrell grønsaker og poteter og skjer alt i små terningar. Ta opp skinkeknoken og ha grønsaksterningane i. La dei småkoke i ca. 20 minutt, eller til dei er møre.

Skjer i mellomtida kjøtet på skinkeknoken i terningar.

Bland kjøtet i suppa og smak til med salt og timian. Server flatbrød eller mjukt brød til.

Tips

Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet