NRK Meny
Video Ingrid Espelid Hovig og Hans Jebsen lagar tre sorter horn

Ingrid Espelid Hovig og Hans Jebsen lagar tre sorter horn ut frå same deigen.

Croissant, urtekrydderhorn og kanelhorn

Hans Jebsen og Ingrid Espelid Hovig viser oss korleis vi lagar croissant, urtekrydderhorn og kanelhorn ut frå same deigen. Til horna lagar vi gjærdeig med kaldt vatn. Her skal vi nemleg kjevle inn smør, og er deigen for varm vil smøret smelte.

Slik gjør du

Grunndeig

Bland 600 g av kveitemjølet med tørrgjær, salt og sukker. Ha i vatnet, og elt deigen godt saman. Elt så i resten av mjølet.

Ta deigen på bakebordet. Kjevl han ut til eit rektangel, ikkje tynnare enn 1 cm. Del deigen i tre.

Veg opp 200 g smør eller margarin, som må vere så kaldt at vi kan skjære det i tynne skiver med kniv.

Legg 100 g av smøret /margarinen utover tredelen midt på leiven. Brett høgre del av leiven over. Dekk med 100 g smør/margarin i tynne skiver oppå der, og brett så den venstre delen av deigen over. Dermed skulle vi ha ein pakke med 3 lag deig og 2 lag smør/margarin.

Snu pakken slik at vi får langsida mot oss. Kjevl ut igjen til eit stort rektangel, ikkje tynnare enn 1/2-1 cm. Blir leiven for tynn, vil dei fine deiglaga gå i stykke, og smøret tyte ut.

Brett deigen saman i tre, som første gong. Pakk deigen i plast, og la han liggje 1/2 time i kjøleskåpet. Ta deigen igjen. Kjevl han ut på ny til eit rektangel. Brett han saman i tre, snu pakken slik at vi får langsida mot oss, kjevl ut til eit rektangel, og brett endå ein gong saman i tre. Legg alltid den høgre delen av deigen inn først, og så den venstre over. (Deigen skal altså alt i alt kjevlast ut fire gongar, og kvar gong brettast i tre.)

Pakk deigen i plast, og la han liggje 1/2 time til i kjøleskåpet.

Ta deigen igjen. Kjevl han ut til eit rektangel, ca. 1 cm tjukt. Del leiven i to og legg den eine halvdelen i kjøleskåpet.

Horn

Kjevl halvdelen av deigen til eit rektangel som er 1/2 cm tjukt og 30 cm breitt. Del i små trekantar, 7,5 cm breie og 15 cm lange.

Croissant
Rull trekantane saman frå den breie sida mot spissen. Form dei til horn. Spissen skal liggje under. Legg dei på plate.

Urtekrydderhorn
Lag først gremolata. Hakk persille, det gule av skalet av 1/2 sitron og kvitlauk. Bland saman, og ha blandinga på ein djup tallerk.

Pensle trekantane med samanvispa egg, og dypp dei i gremolata. Rull dei saman til horn, og legg dei på plate.

Kanelhorn
Grovhakk rosiner og hasselnøtter eller mandlar. Pensle trekantane med samanvispa egg og dypp dei i rosin-nøtteblandinga. Dryss på litt sukker og kanel. Rull saman til horn, og legg dei på plate.

La horna heve godt. Pensle dei med samanvispa egg eller berre eggeplomme og nokre dråpar vatn. Steik horna 15-20 min. ved 225 °C.

Tips

Croissant kan serverast med smør og marmelade til kaffi eller te.
Urtekrydderhorn er gode som brød til suppemiddag, og kanelhorn er kaffimat. Til festlegare høve kan kanelhorna glaserast med glasur av melis rørt ut med litt varmt vatn.

Sjå korleis grunndeigen lagast før smøret skal kjevlast inn:

Sjå også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1984