Byggbrød

Byggbrød frå Bodil Nordjore.

Foto: Ida Kjøstelsen / NRK

Byggbrød

Oppskrifta på byggbrød får du frå Bodil Nordjore

Slik gjør du

Lat vatn, gjær og sammale bygg få arbeide frå ein dag til den neste.

Kok den heile spelten. Mange av oss likar dette godt. Her kan du nytte heile byggryn eller heil rug, eller heile kveitekorn, berre du er god på å bløyte korna og koke dei litt. Det er best for tennene.

Bland vidare på denne deigen. Start med væska, og hald fram med det turre. Maltekstrakten gjeve god næring te gjæringa av byggbrøda, og det gjer at det gjærar fortare (noko som gjere at smaken vert god). Du kan sjølvsagt velje mengde med koka heile gryn av ein eller annan sort. Kokar du desse litt lite, vil dei trekke litt væte ut av deigen.

Bak ut passa store og faste brød. Set omnen på det varmaste og lat den vera so varm når du set inn i brøda. Lat dei stå slik om lag ti min, skruv ned temperaturen til 170 °C (varmluft). Steik i totalt 45–55 min, litt ettersom kor store brøda er.

Tips

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i Nitimen