NRK Meny
Laster innhold, vennligst vent..
Kveitebollar

Nybaka kveitebollar laga med egg og smør.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Bollar og skillingsbollar

– Dette er ei grunnoppskrift på søt gjærbakst. Den kan brukast til bollar, kringler og skillingsbollar. Ein kan godt lage fleire sortar når ein først er i gong, seier Kari Støfringsdal.

Slik gjør du

Varm mjølka til 37 grader. Pass på at den ikkje er for varm, for då kan gjæren bli drepen. Dryp ein drope på underarmen om du er i tvil. Deretter har ein oppi dei tørre ingrediensane, mjøl, sukker, salt, og eventuelt kardemomme, Bland inn egget. Om ein har god tid, er det ein fordel om ein eltar væska og det tørre og let deigen stå i ti minutt før ein har i gjæren.

Støfringsdal nyttar eltemaskin. Då smuldrar ho gjæren rett i deigen før ho har i smøret til slutt. Smøret har ho lagt på kjøkkenbenken kvelden i førevegen, slik at det har romtemperatur.

– Det er ein fordel om ein ikkje smeltar smøret, for då blir ikkje deigen for fast.

Bolledeigen må dekkjast med plast og hevast i minst ein time. Om ein har god tid, kan deigen eltast ein eller to gongar etterpå. Deretter kan ein trille ut bollane.

Ein kan nytte både varmluft og vanleg varme når ein steikjer bollane. Støfringsdal synest vanleg varme på 200 grader er best.

– Då får bollen det litt lysare bandet rundt som eg synest høyrer til. På varmluft får du ein jamn brun farge på heile bollen.

Skillingsbollar

Vil du lage skillingsbollar tek du utgangspunkt i oppskrifta for bolledeigen. Deigen skal bakast ut til eit rektangel, smørjast med meierismør og strøast med kanel og sukker. Kari brukar brunt sukker fordi det smakar godt og knasar mellom tennene. Rull deigen til ei pølse og skjær den i passe biter. Lat skillingsbollane etterheve og steik dei på 200 grader

Tips

Støfringsdal meiner at når ein først skal bake og lage noko som er godt, bør ein bruke meierismør.

Skillingsboller

Same deig kan brukast til skillingsbollar og kringler.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Kilde: Kari Støfringsdal i lokalsendinga til NRK Sogn og Fjordane