NRK Meny

Bodils rømmegraut

Denne grauten er noko for seg sjølv. Og det er han fordi eg ville laga ein graut som ikkje var for sur, ikkje for feit og ikkje for dau. Eg synest at rømmegraut skal vere litt spenstig å ete, ein skal ha lyst på han. Og ikkje nok med det, ein skal ha lyst på meir etter å ha ete litt, seier Bodil Nordjore.

Slik gjør du

Bland fløyten og rømmen i ein god kjele. La dette småkoke i omlag 8 min. Ha oppi semulegryna og rør godt, så set ikkje klumpar seg.

Kok 2 min. Sikte oppi kveitemjøl til grauten slepper kjelen, lat dette småputre i 10 min.

Spe med mjølk til passa tjukkelse. Smak til med salt. Eg let alltid rømmegrauten småkoke i omlag ein time etter eg er ferdig å mjøla han. Då blir det ein uimotståeleg god smak. All mjølsmak blir borte og dei gode smakane kjem betre fram.

Om du let grauten småputre, så vil den bli bittelitt linnare etter ei beite, så ikkje spe med meir enn du trur er passe for deg, elles kan det fort bli suppe. Prøv deg fram, det gjeng oftast godt!

Tips

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore i TV-serien Matlyst