NRK Meny

Bodils meisebølle

Dette er eit populært brød. Smakfullt, saftig og med mykje mat, seier turbobudeia Bodil Nordjore. Som du ser er der mykje «frøgreier», noko som kan minne om ein meisebolle. Men det er ikkje det.

Slik gjør du

Eg skil mellom grovt brunt brød og grovt ljost brød. Om du vel å nytte sammale kveite, vert brøda brune uansett kva andre kornslag du har oppi. Eg difor nytta grov rug og havre, det gjer at brødet held på den ljose fargen sin.

Eg byrjar med varmt vatn og olje. So går eg frå det grovaste til det lettaste mjølet, då har eg meir kontroll på sluttspurten.

Denne skal ikkje vera for fast, den vert ogso god om du «slår den ned» nokre gonger. Denne bakar eg ut til runde «kakur», og penslar med kaffe. Steiker den på heit omn til å byrje med for å få den sprø skorpa.
Om lag 10 min på heit omn, 30 – 40 min på 170 °C (varmluft).

Tips

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore

Kilde: Bodil Nordjore