NRK Meny
Laster innhold, vennligst vent..

Blåskjellsuppa til Bodil

Når eg er svolten på noko heilt i særklasse og som er apetittvekkjande og vælsmakande ynskjer eg meg denne suppa, framfor veldig mykje anna. Den har alt du kan drøyme om i eit augnebel!
Dette er den beste suppa eg veit om, seier Bodil Nordjore.

Slik gjør du

«Bræ»/smelt smøret i ei gryte, tilsett selleri og lauk, lat det surre seg mjukt. Tilset knusa kvitlauk, kvitvin og kok upp. Ha i blåskjell og damp til skjella opner seg 5-10 min, tak burt dei som ikkje vil opne seg.

Rens blåskjella, sil krafta og tilset fiskekraft. Kok opp og la det koke litt inn, ha i fløyten.
Smak til med salt og pepper.
Det er fennikelen her som er ein del av hemmelegheita! Den rundar av og forsterkar smaken på ein forførande måte, utan at du eigentleg kjenner at det er det det er.

Ha i blåskjella, ha på gøtt med småsnitta purrestrimler.

Eit knakande gøtt ljost brød til detta er det beste festmåltid du kan drøyme om. Tenk at noko so enkelt og noko so godt kan skapa slik unik smak og stemning.

Tips

Slik lagar du fiskekraft:

Oppskrift: Fiskekraft

Se også: Oppskriftene frå Bodil Nordjore