Biff er ein klassikar på matfatet. Steinar og Gro gir deg tipsa for å få den mør og smakfull

Foto/Redigering: Alf Vidar Snæland

Biff med bearnaisesaus

Biff og bearnaisesaus er ein god gammal klassikar. Her gjer vi ein heimelaga vri med smør, fløyte, egg og estragon.

Slik gjør du

Entrecote er frå den fremste delen av storfekammen. Sjå etter mørt kjøtt med fine striper med feitt.

Steiketida på ein entrecote er avheng av kor tjukt kjøtstykket er, og kor mykje steikt du vil ha han.

Krydre kjøtet med salt og pepar det blir steikt i ei god og varm steikepanne.

Bearnaisesaus

Smelt smøret på sterk varme og kjøl raskt ned slik at vatn og salt blir skilt.

Det første du gjer er å ha vatn, løk og persille i ei panne og koke det i nokre minutt, til det kjem fram gode smakar. Sett til sides.

Avkoket med lauken og persillen må silast før du har det i egga.

Bruk ein passe stor stålbolle eller kasserolle og start med å piske egga med ei klype salt og litt vineddik.

Spe forsiktig med ”lunka” klarna smør under kraftig pisking. Bruk alt du har av musklar! Sper du for fort, kan sausen ”sprekke”. Skulle uhellet vere ute, kan du prøve å berge sausen med ein skvett kaldt vatn eller ei eggeplomme til på kanten av panna og piske kraftig.

Smak til med pepar, estragon og ha eventuelt litt meir vineddik i sausen for ein syrlegare smak. Det er og godt å ha i litt steikesky frå den ferdige sausen. Sky gjer susen!

Tips

Biffen og bearnaisen kan serverast saman med ein god salat. Steikte poteter eller pommes frites smakar godt til.

Steinar og Gro lagar bearnaissaus frå grunnen av - det blir smakfullt!

Sjå kor lett du kan piske saman ein smakfull bearnaisesaus. Foto/Redigering: Alf Vidar Snæland