NRK Meny
Laster innhold, vennligst vent..
Video Ingrid Espelid Hovig baker med butterdeig

Ingrid Espelid Hovig baker kremkake med butterdeig.

Bakst med butterdeig

Djupfryst butterdeig kan vera fin å lage kaker av både til diabetikaren og til den som ikkje tåler egg. Deigen er rett nok ganske feit, men dette er ikkje kaker som skal brukast kvar dag. Ei butterdeigskake kan setje den ekstra spissen på festen for den som elles ikkje kan ete vanlege kaker.

Slik gjør du

Det er fem deigplater i ein vanleg pakke djupfryst butterdeig. Ta berre fram så mange plater som trengst. Slike kaker er best nysteikte.

Legg butterdeigsplatene utover på benken og la dei tine ca. 15 minutt. Del dei tvers over i tre jamne stykke. Legg dei på steikjeplate skylt i kaldt vatn. Pensle eventuelt med samanvispa egg, men pass på at ikkje egget kjem ned på kanten, for då vil ikkje butterdeigen heve seg. Penslinga kan sjølvsagt sløyfast.

Steik kakene midt i omnen ved 200 °C i 15-20 minutt. Avkjøl kakene på rist. Del dei i to og fyll med krem og eventuelt litt frukt eller syltetøy.

Tips

Sjå også: Fleire oppskrifter frå Ingrid Espelid Hovig

Kilde: Ingrid Espelid Hovig i Fjernsynskjøkkenet 1988