Hopp til innhold

Åtte salatar til lune sommarkveldar

På gode dagar er det herleg å vere ute. Då passar det godt med ein enkel salat på terrassen eller ute i naturen. Sjekk dei åtte forslaga våre og la deg inspirere til lett matlaging.

Sommersalat med laks og bringebær

Når vêr og temperatur tillèt det er det hyggeleg å ete ute.

Foto: Rolf Tikkanen Øygarden

Ein fargerik bolle

Heile middagen i ein bolle med noko sprøtt, noko mjukt, noko friskt og noko søtt.

Fleire oppskrifter frå Lise Finckenhagen

Sprøtt og spekt

Den salte skinka og dei sprø trekantane av steikt lompe passar godt saman med søt mango.

Fleire oppskrifter frå Lars Erik Vesterdal

Søtt og saftig

Gi vassmelonen eit løft med frø og urter og ein god balsamico. Perfekt for væskebalansen på varme dagar.

Fleire oppskrifter frå Richard Nystad

Salat til spleiselaget

Skal du ha med salat til festen? Denne pastasalaten tek du med i ein plastpose med dressingen nedst. Så er det berre å tømme han ut på fint fat og blande saman.

Fleire oppskrifter frå Øyvind Hjelle

Buddha bowl

Dressingen blir laga med lime, chili, finhakka ingefær og olivenolje. Du får ein mettande salat med ris i botnen og nøtter på toppen.

Fleire oppskrifter frå Charlotte Nilsen

Potetsalat

Kok potetene og ha dei i salaten før dei er heilt kalde. Lun og smakfull potetsalat med egg, sukkererter, tomatar og vårløk.

Fleire oppskrifter frå Rolf T. Øygarden

Ta meg med til Hellas!

Du har ikkje vore i Hellas før du har ete gresk salat. Ein perfekt lunsjrett eller start på eit større måltid.

Fleire oppskrifter frå TV-serien Sommermat i Falkenberg

Rosa fisk og raude bær

For mange er bringebær smaken av sommar. Saman med laks, feta, vassmelon og tomatar har du ein lett rett. Nyt han på terrassen!

Fleire oppskrifter frå Rolf T. Øygarden