Hopp til innhold

Bollar og muffins med det vesle ekstra

Bollar og muffins kan smaka endå betre med rosiner, bær, vaniljekrem, lakris, nøtter, ostekrem eller marengs. Du står fritt til å velje.

Skillingsboller

Skillingsbollar laga etter oppskrifta frå Kari Støfringsdal.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Velkommen til det søte hjørnet. Her har vi samla gode bolle- og muffinsoppskrifter. Vi skjønner det kan bli vanskeleg å vite kvar du skal byrje.

1. Bollar og skillingsbollar

Vi startar heilt enkelt med grunnoppskrift for bollar, som lett kan bli skillingsbollar.

2. Rosinbollar

Rosinene skal trekke i eplejuice, og når bollane er ferdige får dei eit strøk appelsinsirup som gir god smak og ei freistande glinsande overflate.

3. Bollar med lakris

Uvant? Men skikkeleg godt med lakris i fyllet!

4. Bollar med blåbær og mandelmasse

Desse bollane er laga med speltmel og frosne blåbær med veldig enkel framgangsmåte.

5. Kringle med nøtter og rosiner

Opphavleg kalla vi denne kringla for dugnadstong, perfekt å ha med seg til pausen i dugnaden. I 2020 blir kanskje ikkje dugnadene som før. Men vi står i alle fall saman.

6. Store muffins med kvit sjokolade

No får du brukt dei største muffinsformene. Desse innheld både bringebær og kvit sjokolade.

7. Med ostekrem eller karamellmarengs

Cupcakes med mykje god kryddersmak. Her er det både kanel, ingefær og nellik. Når dei er avkjølte blir dei pynta med ein krem av blåskimmelost eller karamellmarengs.

8. Blir servert lunkne

Muffins som overraskar med fyll av vaniljekrem, bringebær og blåbær.