Hopp til innhold

Gulrøter til overs?

Supper, gryter, stuingar, wok, kaker, brød og smoothies. Gulrota kan brukast til nesten alt. Og ofte har du nokon til overs. Bruk dei.

Søtpotet- og gulrotsuppe med kokosmelk

Rå, riven, steikt, kokt eller bakt – gulrota er som poteten og kan brukast til det meste.

Foto: Tone Rieber-Mohn / NRK

La gulrota gi farge til frukostgrauten. Dette er ein nydeleg variant av den trendy kjøleskapsgrauten, som er perfekt til både frukost, lunsj, mellommåltid og kvelds. Grauten bør stå minst seks timar i kjøleskapet.

Desse er perfekte anten i tursekken eller som matpakke på skule og jobb. Eit godt alternativ til brødskiver.

I tillegg til å gi betakaroten, vitamin og mineral, er gulrøter perfekte for å reinse kroppen din. Du kan ha dei i smoothies eller lage ein gulrotdrikk som denne.

Hakk dei opp og bruk i din eigenkomponerte pytt i panne. Denne retten kan anten etast som sjølvstendig lunsjrett eller som tilbehøyr til fisk, kjøtt og fugl.

Nybakt gulrotbrød er ei delikatesse. Gulrøtene gjer brødet ekstra saftig og det varer lenge.

Ei saftig gulrotkake passar til alle høve, og blir nesten endå meir saftig etter eit par dagar. Den held seg fint i kjøleskapet i fem-seks dagar, minst.

Gulrøtene blanda med smør og fløyte er herleg tilbehøyr til både kjøtt og fisk.

Du kan lage tallause typar gulrotsuppe. Krydder, grønsaker, crème fraîche, kokos eller berre vatn. Du kan leike deg og variere uendeleg, utan å gjenta deg sjølv. Denne er spicy og basert på kokosmjølk. søtpotet og lime.

Heile gulrot-universet vårt finn du her.