Klassikar
Det blir fest anten det er helg eller midt i veka når lapskausen kjem på bordet. Lag ein stor porsjon, den er like god dagen etter.
To med oksekjøt
Putt alt i gryta og gjer noko anna medan middagen gjer seg ferdig. Langtidskokt krydra oksegryte med øl, kvitløk timian og stjerneanis.
Fransk luksusgryte med oksekjøt og bacon som får koke lenge i raudvin. Her er det mykje god smak!
To med lam
Ginos italienske lammegryte. Ei annleis gryte med oliven, appelsin, honning og raudvin.
Lammeskankar med indiske krydder. Det blir ei ny eksotisk oppleving.
Fargerik hønsefrikassé
Sett farge på middagen. Retten har fått ein moderne vri med lekre, fargerike grønsaker, byggryn og spennande krydder.
Rask fransk fiskegryte
Fiskegryta krev litt førebuing, men når du er ferdig med den, lagar du denne gryta på ein-to-tre.
Pasta
Minimal innsats og nesten ikkje oppvask. Lettvint kvardagspasta med kjøttsaus.