Slik gjør du
Forvarm omnen til 160 grader. Mal levera i kvern ein gong, saman med lauk, ansjos og laurbærblad. Dersom du vil ha ein fin postei, kan du male den to gongar.
Tilsett egg, salt, kveitemjøl og krydder. Bland alt godt saman. Spe med varm mjølk til alt er godt blanda. Bak posteien i vassbad i omnen, ca. 1 time.
Etter ein time stikk du eit steiketermometer i midten av leverposteien. Temperaturen bør vere 80–85 grader når du tek den ut av omnen.
Tips
Du kan legge plastfolie i botnen og oppover sidene av formene, før du har i røra. Då vil det vere enklare å ta ut den ferdig steikte leverposteien. Plasten vil ikkje smelte, når temperaturen i omnen ikkje er høgre enn 160 grader og du set formene i vassbad.