Foto/redigering: Alf Vidar Snæland, NRK

SMAKFULL KYLLING: Ein god saus er tilbehør til kyllingen. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland, NRK

Steikt kyllingbryst i karrisaus

Ein sterk karrisaus smakar godt til både kjøt, fisk og kylling. I dag blir den eit smakfullt tilbehør til kyllingbryst, ris og ferske grønsaker.

Slik gjør du

Start med karrisausen. Fres lauk, eple og gulrot i smør og tilsett karri. Karrien skal frese litt for å få ut den gode smaken, men den må ikkje bli svidd. Dersom du ynskjer ein sterkare karrisaus, ha i litt meir krydder. Tilsett kveitemjøl og den lyse krafta. Kjøp gjerne ei god fond på flaske.

Sausen skal småkoke ein halvtimes tid. Sausen skal silast før bruk. Du kan også ha i nokre små epletreningar rett før servering.

Krydre kyllingbrysta med salt og pepar og steik det på begge sider i smør og olje. Kyllingbrystet bør steikast i ein 2–3 minutt på kvar side og inn i omnen i 160 grader ein 4–5 minutt. La kyllingbrystet kvile litt før du deler det opp.

Kok ris og ha ferske grønsaker ved sidan av.

Kilde: Steinar Lindström