Geir Hagerup Andresen våren 1978
Foto: NRK/Privat

Langt frå ein uskyldig barnesjukdom

Geir var ein frisk tenåring. Så fekk han meslingar.

I mars 1982 fekk eg meslingar. Eg var sju og eit halvt år og hadde ikkje fått meslingvaksine som baby fordi helsestasjonen frykta ein mogleg allergisk reaksjon. I barneboka noterte mor mi at eg låg til sengs nokre dagar med utslett og feber, før eg var oppe og stod igjen. Etter to veker heime drog eg tilbake til skulen. Dette er mi erfaring med meslingar: ein uskyldig barnesjukdom.

Tre månader seinare, ein annan stad i Noreg, fekk eit anna barn meslingar. For dette barnet var meslingane alt anna enn ufarleg. Dette er historia om Geir.

Influensa?

Sommaren 1982 drog Oslo-guten Geir saman med storebroren Per og foreldra til feriehuset i Harstad, der foreldra deira var ifrå. Geir var som alltid i godt humør, og han gledde seg til å ha fri. På grunn av den store aldersskilnaden på åtte og eit halvt år var ikkje han og Per vanlegvis så mykje saman, men når dei var på ferie i Nord-Noreg pleidde dei å dra på turar saman.

Denne sommaren gjekk det meslingar i Oslo.

Sjølv om 15-år gamle Geir var fødd etter vaksineprogrammet, hadde han ikkje fått meslingvaksine. Foreldra hadde erfaring med barnesjukdommen frå då storebroren fekk det som fire-åring. Sjølv om han hadde vore ganske sjuk, hadde det gått bra. Dei tenkte kanskje at sidan broren hadde komme gjennom det, ville Geir gjere det også. Uansett kva grunnen var så nøla dei, og det vart aldri noko vaksinering.

Då Geir vart sjuk trudde familien først det var snakk om influensa. Sjølv om dei høyrde at meslingane nettopp hadde gått i Oslo, var det ingen som mistenkte at det var det. Geir vart heller ikkje veldig sjuk først, men så vart han verre. Han vart sendt til sjukehuset i Harstad. Der konstaterte legane at han hadde meslingar, før dei sende han tilbake etter ein dag. Alt dagen etter at han kom heim begynte han å få feber og utslett igjen.

– Han blei dårlegare og dårlegare. Han fekk feberfantasiar og krampe, fortel storebroren Per Hagerup Andresen 33 år seinare.

Per og Geir Hagerup Andresen

Brørne Per og Geir Hagerup Andresen på tur. Geir til høgre.

Foto: Sun Iren Bjørnås / NRK

1 av 1000

Geir hadde fått hjernebetennelse. Meslingviruset hadde klart å komme seg frå blodet i kroppen og over til hjernen, der det infiserte hjernecellene hans. Dette råkar 1 av 1000 som får meslingar.

Fleire virussjukdommar kan føre til hjernebetennelse, men mesling-hjernebetennelse er ein av dei mest frykta variantane.

Barnelege Henrik Døllner, førsteamanuensis og overlege dr.med, NTNU og St. Olavs hospital.
Barnelege Henrik Døllner

Barnelege Henrik Døllner ved St. Olavs Hospital.

Foto: Unni Eikeseth, NRK

Hjernen er beskytta av forsvarsverket som blir kalla blod-hjerne-barrieren, og meslingviruset kan ikkje krysse denne grensa på eiga hand. Men det finst bakvegar.

Viruset kan enten komme seg inn i hjernen via infiserte blodkar, som gjer at viruset kan spreie seg vidare til alle hjernens celler, eller det kan bli frakta inn i hjernen om bord i infiserte kvite blodceller. Det er også rapportert at meslingviruset kan smitte gjennom slimhinnene i nasen, og infisere hjernen via luktenervecellene.

Når celler i hjernen blir infiserte, vil viruset dele seg i cellene slik at dei dør. 10-15 prosent av pasientar som får denne type hjernebetennelsen dør, og 25 prosent får varige hjerneskadar.

– Det finst ingen behandling for denne typen hjernebetennelse, fortel Døllner.

Komplikasjonar etter meslingar

Om lag ein av tre får følgesjukdommar etter meslingar. Hos ein av tusen infiserer meslingviruset også hjernen og fører til hjernebetennelse.

Foto: Grafikk: Mari Grafsrønningen

Meslingar primærsjukdommar

For dei fleste gir meslingar feber, utslett og hoste.

Foto: Grafikk: Mari Grafsrønningen

Ambulanse

Spedbygde Geir låg i eit enkelt rom i andre etasje, med gardinene trekte for. Han hadde feberfantasiar og krampe, og var heilt borte. Han pusta tungt, det var som om han snorka. Auga hans rulla opp, slik at pupillane gjekk opp under augebryna. Den gongen hadde Per aldri sett nokon døy, men 23 år etter tenker han på rommet som eit dødsleie.

– Eg tenkte at viss han ikkje kjem fort til sjukehus, så ville han døy. Det er det verste eg har opplevd, fortel Per.

Det var ingen telefon i feriehuset i Harstad, og mobilar fanst ikkje. Far til Geir ville ikkje plage lege, guten hadde jo nyleg vore på sjukehuset og blitt sendt heim. Per hugsar ikkje sjølv korleis han kom seg til ein telefon, han var som i ei ørske. Men han fekk til slutt tak i ein telefon og ringde etter ambulanse. Den kom med sirenene på.

I om lag to veker låg Geir i koma på sjukehuset i Harstad før han kom over krisa, og det var klart at han ikkje kom til å døy.

Per Hagerup Andresen

Per Hagerup Andresen.

Foto: Sun Iren Bjørnås / NRK

– Kunne vore friske

Overlege Margrethe Greve-Isdahl

Overlege Margrethe Greve-Isdahl i Folkehelseinstituttet.

Foto: Privat

– Før innføring av vaksine var det 20–30 barn årleg som fekk hjernebetennelse. 20–40 prosent av desse fekk varig hjerneskade som komplikasjon, fortel overlege Margrethe Greve-Isdahl i Folkehelseinstituttet.

Vanlege varige hjerneskadar etter denne infeksjonen er psykisk utviklingshemming, nedsett rørsleevne og døvheit.

Kva som gjer at nokon får dette, og ikkje andre, er ikkje avklart. Men det har samanheng med korleis viruset og immunsystemet samhandlar hos den enkelte.

– Det er nok enno menneske som lever etter å ha fått hjerneskade etter meslingar, og som kunne ha vore friske om meslingvaksinen hadde komme på marknaden tidlegare. For å snu på det så har meslingvaksinen spart mange barn frå å få unødvendig hjerneskade eller å døy, seier Greve-Isdahl.

Geir er taus

Då Geir kom heim att, sat han i ein rullestol. Fysisk var han den same personen som han var før han vart sjuk, berre tynnare etter veker på sjukehus. Men familien oppdaga raskt at alt var forandra. Han registrerte at familien var der, men han sa ingenting. Han var heilt taus. Han kunne ikkje gå, og han kunne heller ikkje ete sjølv, men måtte matast. Det var som å få ein eittåring i huset, det var alltid masse mat utanfor tallerkenen etter eit måltid.

Geir Hagerup Andresen cirka 25 år

Geir Hagerup Andresen cirka 25 år.

Foto: NRK/Privat

Når Geir etter kvart braut tausheita, var det berre lydar han kom med, ikkje ordentlege ord.

– Vi håpa i lang tid. Det var forferdeleg. Det var så ufatteleg at han hadde vore ein normal person, seier Per om denne tida.

Familien fekk aldri tilbake Geir slik han hadde vore. Mora hans tok seg av han heime fram til 1994. Då flytta han til ein omsorgsbustad nær barndomsheimen, 27 år gammal.

Etter at mora til Geir døydde, besøkte Per han ein gong i veka. Den aller siste gongen dei var saman var i midten av november 2013. Geir smilte då Per kom, han visste at dette var kjentfolk. Som alltid hjelpte Per bror sin med å få på klede, og så gjekk dei tur saman. Geir gjekk ikkje så godt som før. Han vart fort trøytt. Han sleit med epilepsi, og hadde også fått beinskjørheit.

Ei veke etterpå fekk Geir lungebetennelse og døydde. Per mista bror sin for andre gong.

Geir og Per Hagerup Andresen julaften 2009

Geir og Per julaftan 2009.

Foto: Privat

– Når eg høyrer om folk som ikkje vaksinerer barna sine, blir eg sint. Vi har komme til ein periode der vi ikkje skjønar kva som kan gå galt. Biverknadene av vaksiner er mykje mindre enn det ein kan risikere om ein ikkje vaksinerer.

Per Hagerup Andresen

Geir og eg fekk begge meslingar i 1982. Slump gjorde at han måtte leve mesteparten av livet på institusjon, mens eg sit her og skriv denne artikkelen. Det kunne like gjerne ha vore omvendt.