skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Jul 2002 3_1
Her er du: NRK.no > Jul Sist oppdatert 11:58
KOLOFON
Publikum i NRK-studio? Send en epost til
---
Epost til redaksjonen:
---
Prosjektsjef for Radio- og Nett-underholdning
---
Vaktsjef og nettredaktør Underholdning:
 

Her kjem dine arme små

Her kjem me, dine arme små,
vår Jesus, til din stall, å sjå.
Send oss ditt Ijos i hjarta inn,
så vegen fram til deg me finn!

Med song så spring me deg imot
og kysser støvet for din fot.
å signa stund, å sæle natt,
då du vart fødd, vår sjele-skatt!

Velkomen frå din himmelsal
ned til vår tåredimme dal,
der dei deg inkje anna gav
enn stall og krubbe, kross og grav!

Men Jesus, å kor går det til
at då så fåe kjenna vil
den kjærleik himmelhøg og stor
som drog deg til vår arme jord?

Så drag oss til ditt hjarta nær,
vår sjeleven så god og kjær,
så kvar av oss så inderleg
i hjartans tru må fagna deg!

Lat ikkje verdi med si makt
oss draga frå vår dåp og pakt;
men gjev, vår lyst og lengting må
til deg, til deg åleine stå!

Så skal me syngja sigersong
med alle heilage ein gong,
og i ditt sæle paradis
deg prisa høgt på englevis.

Her står me no i flokk og rad
kring deg, vårt fagre hjarteblad.
Å, hjelp at me og alle må
i himlen kring din kongsstol stå!

Hans Adolf Brorson, omsett av Elias Blix

Publisert 10.12.2001 17:02.


 
Månetoppen
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no