skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
Jul 2002 3_1
Her er du: NRK.no > Jul Sist oppdatert 11:58
KOLOFON
Publikum i NRK-studio? Send en epost til
---
Epost til redaksjonen:
---
Prosjektsjef for Radio- og Nett-underholdning
---
Vaktsjef og nettredaktør Underholdning:
 

Eg er så glad kvar jolekveld

Marie Wexelsen, omsett av Bernt Anker

Eg er så glad kvar jolekveld,
for då vart Jesus fødd.
Då lyste stjerna som ei sol,
og englar song så søtt.

Det vesle barn i Betlehem,
han var ein konge stor,
som kom frå høge himmelborg
ned til vår arme jord.

No bur han i sin himmelheim,
han er Guds eigen son.
Men alltid minnest han dei små
som bed med tru og von.

Eg er så glad kvar jolekveld,
då syng me Jesu pris,
då lèt han opp for alle små
sitt vene paradis.

Ho mor, ho kveikjer alle ljos,
dei skin i kvar ei krå;
for heile verdi, seier ho,
skal jolestjerna sjå.

Ho seier stjerna skin enno
og aldri slokna kan,
og får ho skina på min veg,
så finn eg himlens land.

Ho seier alle englar syng
enno om fred på jord,
at himlen like open er,
Guds kjærleik like stor.

Å, gjev eg kunne syngja så,
då vart visst Jesus glad,
for eg vart òg Guds kjære barn
ein gong i dåpens bad!

Eg er så glad kvar jolekveld,
så glad i Jesus Krist,
og at han også elskar meg,
det veit eg sant og visst.

Publisert 10.12.2001 16:01.


 
Månetoppen
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no