Hopp til innhold

Villsvina kjem

Dei er på full fart over grensa frå Sverige. Villsvininvasjonen er på veg.

Villsvin, Henrik Thurfjell og Monika Blikås
Foto: NRK

Vi sit lydlause i den mørke mai-natta og ventar. Ser stivt mot den tette granskogen på motsett side.

NETT-TV: Villsvinjakt i Sverige

Så endeleg skjer det. Først lyden av subbing og greiner som knekkjast. Så trer mørke, låge skuggar gryntande fram. Villsvina vender tilbake – via Sverige!

Verdifulle svin?

For eit par tusen år sidan forsvann villsvina frå våre norske skogar og sletter. Litt seinare forsvann dei frå Sverige også. For vel 30 år sidan gjeninnførte svenskane dei nordeuropeiske villsvina – som har breidd seg med rekordfart.

No er dei på full fart tilbake til oss igjen også, langs svenskegrensa i søraust. Er dei plagsame skadedyr, eller ein verdifull matressurs?

På villsvinjakt

Direktoratet for naturforvalting (DN) har stempla villsvina som uønska, derfor er det lov å skyte alle villsvin året rundt. I Aremark i Østfold har dei skote fleire villsvin, og jegerane skryt av det gode kjøtet.

Skader som villsvina påfører bønders avlingar er det mogleg å avgrense med faste fôringsplassar, meiner dei. Vi besøkjer både Aremark og ei naturperle i Sverige der villsvina får utfalde seg fritt – fordi dei blir sett på som ein ressurs.

Programleiar Monika Blikås blei med på jakt i seine kveldstimar når villsvina er på sitt mest aktive…

Uønska artar

Kari Toft og mårhund

En pøbel er på vei til Norge via Finland. Mårhunden er en uønsket art i norsk natur.

Foto: Jørn Norli / NRK

Fleire dyr er svartelista av DN, og såleis uønska i norsk natur. Eit av dei er mårhunden, som Kari Toft oppsøkjer. Dette austasiatiske hundedyret blei i si tid innført til Sovjetunionen, og kjem no til Noreg via Finland.

NETT-TV: Ut i naturen - uønska artar

Mårhunden er eit altetande rovdyr som kan gjere stor skade i sjøfuglkoloniar, og kan bere med seg rabies.

Ein annan uønska – og frykta – art er harlekinmarihøna, som Hanne Aass møter. Den er også austasiatisk, og kan i verste fall utrydde våre norske marihøner.

Med fleire årlege formeiringar, vond lukt og giftige larver kan den snart vekse til å bli eit stort problem både for fruktdyrkarar og huseigarar.

Ut i naturen, tirsdag 20. mai 2008.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)