Hopp til innhold

Vil lage pille mot solbrent hud

Det kan bli mindre vondt å svi seg i sola etter at britiske forskarar no har funne ut korleis smerten oppstår i huda.

Solbrent

Ein solbrent mage kan gjere vondt dei første dagane, men det kan det bli slutt på, ifølge britiske forskarar.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Solbrent

For mykje soling kan føre til hudkreft og rynker, men det første problemet ein støyter på er ei smertefull og raud hud.

Foto: Colourbox.no
Solbrent mage

Det har truleg blitt utløyst store mengder av molekylet CXCL5 i huda på denne magen.

Foto: Colourbox.com

«Alle» har opplevd å svi seg i sola. Raudfargen på huda er ein ting, frykt for rynker og hudkreft noko anna. Men det største problemet den dagen du blir svidd, er smerten.

No har britiske forskarar funne årsaken til at det svir.

Det er UVB-strålar som er hovudårsaken til at du blir brent. Desse strålane påverkar det ytre hudlaget.

Isolert smertemolekyl

Etter å ha utsett frivillige personar for slik stråling, og sjekka huda deira etterpå, fann dei ut at det skjer ein kjemisk raksjon i kroppen når huda blir brent av UV-strålar frå sola.

Dei solbrende kroppane vart meir og meir sarte dei første dagane. Forskarane tok prøver frå den brende huda, og undersøkte dei for fleire hundre molekyl som er knytt til smerte.

Det dei fann ut, var at det var uvanleg store mengder av molekylet CXCL5.

Kan stanse smerten

Molekylet er tidlegare knytt til betennelsar og inflammasjon, men aldri tidlegare til smerte.

– Desse funna har for første gong vist kor stor innverknad dette molekylet har på smerte etter UVB-stråling, seier mannen som leidde forskingsarbeidet, professor Steve McMahon frå Wolfson-senteret ved King's College til BBC.

Han meiner det likevel kan vere farleg å stanse solbrentsmerten.

– Smerten har ei beskyttande rolle. Å stanse denne er ikkje nødvendigvis ein god ting, seier han til ABC News og forklarar at smerten er noko av det som gjer at folk vil unngå å bli solbrende.

Mot kronisk smerte

Men denne studien handlar om meir enn berre solbrende kroppar, legg han til.

– Vi håpar at vi har identifisert noko som kan bli brukt til å forstå meir om smerte i andre betennelsestilstandar, som leddgikt eller urinvegsinfeksjon.

Dr. Bennett, ein nevrolog ved King's College sjukehus seier dei no vil prøve å bruke studien til å utvikle nye smertestillande middel.

– Vi ønskjer å knytte desse funna til andre typar smerte, og spesielt til pasientar som slit med kronisk smerte. Vi håpar dette kan gjere at prosessen med å lage effektive behandlingsmetodar ut frå forsking raskare, seier han.

Når uhellet er ute

Men ei pille som fjernar solbrentsmerten er framleis eit stykke unna. Fram til den eventuelt er klar på marknaden om nokre år, er dette dei beste råda for solbrende kroppar:

  • Dispril, Aspirin, Globoid: Betennelsesdempande middel som virkar direkte på kjemikaliar som ein veit er knytte til solbrentsmerte.
  • Kjøl deg ned: Den brende huda vil bli varm fordi det er ein auka blodstraum til området. Hudkremar med mentol vil kjøle ned huda.
  • Tilfør fukt: Skadd hud mistar evna til å halde på fukt. Drikk vatn og bruk salver som vaselin eller hydrokortison. Smertene kan også bli lindra om ein har på ei blanding av kaldt vatn og mjølk.
  • Hald fingrane unna: Det tar normalt 28 dagar for hudceller å gå frå det nederste til det øverste laget i huda, der dei døyr og fell av ein og ein. Solbrende hudceller vil falle av i store flak, og dette må dei få gjere naturleg. Unngå å pirke på huda då dette kan gi arr eller infeksjonar.
  • Hald deg i skyggen: Om du er solbrent, bør du halde deg unna sola i ei veke. Huda er allerei skadd, og meir sol vil gjere det verre. Om du må ut, bruk beskyttande kle. (Kjelde: Kreftforeningen og ABC News)

Det beste og viktigaste rådet er uansett å beskytte seg før det er for seint, og bruke solkrem med høg nok solfaktor før ein går ut i sola. Hugs også at UV-strålinga når eit stykke ned i vatnet, slik at du får sol på deg også når du badar.

Solkrem

Rikeleg med solkrem er framleis det beste rådet mot solbrentsmerte.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)