NRK Meny
Normal

Vil ha forbod mot sms bak rattet

Havarikommisjonen i Danmark vil ha slutt på at folk skriv sms, e-post eller surfar på Internett når dei sit bak rattet.

Vil ha forbud mot mobiltelefonbruk i bil

Danske bilistar brukar for mykje tid på å surfe og sende sms og e-post.

Foto: LAVIEILLE Philippe / Colourbox.com

Smarttelefonar tar så mykje merksemd frå sjølve bilkøyringa at Havarikommisjonen for vegtrafikkulykker ber Folketinget om å endre lova og innføre forbod mot å bruke dei.

– Vi ser at bilistar sit med sine smarttelefonar under køyring og brukar dei som ein bærbar PC og dermed ser bort frå trafikken. Vi må kjem til sjå ein sterk auke i talet på ulykker der mobiltelefonbruk er involvert, om ikkje bilistane endrar atferden sin.

Det seier formann for Havarikommisjonen, Sven Krarup Nielsen, som også er sjefskonsulent i Vegdirektoratet.

Kampanje i haust

Ifølgje ei amerikansk undersøking var mobiltelefonbruk årsak til 28 prosent av trafikkulykkene i USA i fjor.

Det finst ikkje liknande undersøkingar i Danmark, men det er ifølgje Jyllands-Posten fordi det er stramme reglar for tilgang til mobildata i landet.

Havarikommisjonen ønskjer derfor også at det skal bli lettare å få tilgang på teleopplysningar, og ber danske politikarar lette på regelverket.

Desse ønska får støtte frå Rådet for Sikker Trafikk og dokumentasjonssjef Jesper Sølund, som også vil ha ein større kampanje i haust om kor viktig det er å følgje med i trafikken.

Justisminister Lars Barfed (K) seier han vil undersøke om det er behov for å innføre nye reglar om bruk av mobiltelefon i trafikken.

80 millionar i bot

Knut Arild Hareide

Knut Arild Hareide (KrF) ønskjer eit forbod mot mobilbruk bak rattet velkoment også i Noreg.

Foto: Morten Holm / Scanpix

Bruk av mobiltelefon er lov også i Noreg, men berre om telefonen er fastmontert.

Leiar for Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget, Knut Arild Hareide (KrF) har tidlegare gått ut og ønskt totalforbod mot bruk av mobil i bilen .

Det er 11 år sidan det vart forbode å bruke handhalden mobiltelefon i bil i Noreg. Norske sjåførar har til saman betalt 80 millionar kroner i bøter for brot på denne lova.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.