Hopp til innhold

Vil ha «av og på»-knappen tilbake

Mange nye flatskjermar vil ikkje la seg slå av, og står dermed på «standby» døgnet rundt.

Av- og på-knapp
Foto: Natthawat Wongrat (ussatlantis@gmail.com)

– Eg er skremd og svært bekymra. Alt som har med straum å gjere er potensielle brannfelle, seier Ronny Tande som er fagsjef ved IF Sikkerhetssenter

Rykte skal ha det til at nye flatskjermar og nye elektriske produkt er mindre brannfarlege, men Tande kjenner ingen statistikk som seier at nye fjernsyn er betre enn dei gamle.

Flatskjerm eksploderte

Denne flatskjermen eksploderte og forårsaka brann. (Klikk på lenka for å se saka.)

Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Standby døgnet rundt

Tal frå elektronikkbransjen fortel at kvar tredje husstand i fjor kjøpte seg ny flatskjerm.

Til liks med mange andre elektriske produkt er den tradisjonelle brytaren som kuttar straumforsyninga fjerna. I staden blir produkta ståande knytt til straumnettet i «standby» døgnet rundt.

Se også: Flatskjerm startet brann

– Dette har vore eit ønskje frå forbrukaren si side. Mange vil det skal vere mogeleg å slå på fjernsynet direkte frå sofaen med fjernkontrollen, seier Nils Erlimo, kommunikasjonsrådgivar i Expert.

Samlar støv

I følgje produsentar han har vore i kontakt med meiner dei at brannfaren er langt mindre ved nye elektriske produkt. Dei brukar også langt mindre straum i «standby»-tilstand enn tidlegare.

Tande som arbeider med førebyggande branntryggleik til dagen har sett for mange brannar til at han deler det synet.

– Eit fjernsyn og andre elektriske produkt må puste. Det betyr at dei har riller, der det lett samlar seg støv. Støv og varme over tid er lik brann. For å få brann kan det vere nok med ein temperatur på mellom 40 og 50 grader. Så her må vi få tilbake «av-og-på» knappen, understrekar Tande.

Dra ut kontakten

Toril Hegvik er ein av mange nordmenn som i fjor kjøpte seg nytt fjernsyn. Ho vart skuffa då ho oppdaga at det var umogeleg å slå den heilt av, utan å måtte dra ut kontakten.

– Det står at eg skal dra ut kontakten når eg reiser bort. Eg kan ikkje tolke det på nokon anna måte at det må vere ein fare for brann. Men det er vel like viktig at eg tek ut kontakten når eg er heime, undrar Hegvik og får støtte av fagsjefen i IF.

Giftig røyk

For i følgje statistikken er brann i det elektriske framleis ein av dei farlegaste og vanlegaste grunnane til brann i norske heimar. Først og fremst på grunn av den giftige røyken som lett kjem frå elektriske produkt.

Tal frå forsikringsbransjen syner at det i 2006 vart meldt om nesten 2000 skadar som følgje av brann og lynnedslag i elektriske produkt som fjernsyn, video og forsterkarar.

– Så lenge det ikkje er nokon «av-og-på»-knapp, så er mitt beste råd at du drar ut kontakten, legg Tande til.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)