Klatring i Vettisfossen (Foto: Lars Ø. Hemsing)
Vettisfossen som ligg i Utladalen i Årdal er Nord-Europas høgste vernede foss i fritt fall. Om vinteren blir fossen til ei enorm issøyle på 273 meter. Sidan 1. bestigninga i 1977 har det berre vore klatra 4 vintrar i fossen som sjeldan frys godt nok til for klatring. Etter å ha lege på vent i 3 vintrar klaffa det endeleg for Ut i naturen i slutten av mars i år. Då fekk klatrarane Sigurd Felde og Harald Harstad endeleg innfridd målet om å prøva seg på issøyla i fossen,- og NRK 1 var med. Fallet i Vettisfossen er rekna som risikabelt ikkje berre på grunn av høgda men vertikale fossar har ofte dårleg is. Dei 2 er blant dei mest drevne isklatrarane i Skandinavia. Korleis det gjekk opp issøyla kan du sjå på Ut i naturen 9. mai. Då fylgjer vi Sigurd og Harald på vegen mot fosseutspringet på Vettismorki.
Programmet fokuserer også på verdien av naturvern. Vettisfossen er den første som vart freda i Norge i 1924. Ei av dei som åtvarar dei 2 klatrarane er 82 år gamle Johanna Vetti. Ho er fødd det året fossen vart freda på garden Vetti like ved. Programmet byr dessutan på vakre bilde frå canyonliknande Utladalen der landskapet skaper ei rekkje fossefall.
Programmet er produsert for Ut i Naturen av Inge Kjell Holme og Steinar Lote ved NRK Sogn og Fjordane.