Hopp til innhold

Vervarsel frå bonden på Dovre

Vermeldinga lages av satelittar i verdensrommet og av ein bonde på Dovre.

Laurits Fokstugu

Laurits Fokstugu.

Foto: Tove Fugelsnes / NRK

Kvar tredje time, året rundt, går bonde Laurits Fokstugu ut og ser på veret. Så ruslar han inn og sender ei melding til Meterologiske.

Også på julaftan står han ute og ser utover Fokstumyra på Dovre og observerer vind- og verdrag. Det han ser er med på å bestemme kva for ver vi får sjå på skjermen og høre i radio samme kveld.

HØR: Laurits Fokstugu om jobben for Meteorologisk institutt

HØR: Hele Naturens verden om Ekstremverveka, bonden på Fogstumyra, veret for lofotfiskaren og litt om klimaendring  

yr.no: Vervarsel for Fokstua

 

På Fokstumyra har det vore skysstasjon sidan 1100-talet da Øystein Magnusson bygde fire sælehus på Dovre.

Skysstasjonen

Skysstasjonen på Fokstumyra på Dovre

Skysstasjonen på Fokstumyra.

Foto: Tove Fugelsnes / NRK

Også i dag kan pilgrimar og fjellvandrarar ta inn på skysstasjonen. Når du kjører nordover E6 frå Dombås og kjem opp på Fokstumyra ser du eit stort og staseleg kvitt trehus i sveitserstil på venstre side av vegen. Dette huset vart bygd som sommarhotell på slutten av 1800-talet, men dei siste overnattingsgjestene sjekka ut i 1960. Kan du ordne deg sjølv får du plass i eit av dei andre gamle trehusa på garden som kan ta imot 16 overnattingsgjester.

Første Naturreservat

Fokstumyra var det første større området i Norge som vart verna som Naturreservat. I 1910 kom Naturvernlova og i 1923 vart Fokstumyra verna.

I 1922 åpna jernbanen over Dovre. Han går rett gjennom reservatet. Fleire fuglesortar forsvann frå myra etter at jernbanen kom. Den sjeldne fuglen Dobbelbekkasin, som spelar like godt som tiuren, er ein av artane som vart borte.

Nasjonalparken vart i 2002 utvida til 18,2 kvadratkilometer og i dag hekkar 148 fugleartar på Fokstumyra, 960 meter over havet. I perioden mellom 1. mai og 1. august er det forbode å vandre i Nasjonbalparken, men også da kan du gå på ein 7 kilometer lang tilrettelagt sti over myr og gjennom tett vierkratt.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)