Hopp til innhold

Utset du julehandelen til siste liten? Det kan løne seg

– Det er viktig å ha is i magen, seier Are Vittersø i Prisjakt. Sjekk når i desember prisane på julegåver er lågast.

Julegaver

Du kan i beste fall spare pengar på å vente med å kjøpe julegåver eit par veker til.

Foto: Marit Aaby Vebenstad / NRK

– Prisane på mange produkt går opp igjen rett etter Black Friday, og blir liggjande nokolunde stabilt i ei vekes tid. Så går prisnivået sakte, men sikkert nedover igjen, fortel Are Vittersø. Han er dagleg leiar i Prisjakt, som er ei prissamanlikningsside.

Ifølgje Vittersø er gjennomsnittleg prisnivå på dei 1.000 mest populære varene i Noreg lågast den siste veka før julaftan.

– Basert på prisutviklinga dei siste to åra, så er dagane rundt 17. desember dei gunstigaste å handle på om du gjekk glipp av Black Friday-handelen, seier han.

Sjekk prishistorikken

Det kan òg kome fleire salsperiodar før jul. Direktør i Forbrukartilsynet, Elisabeth Lier Haugseth, seier at det kan løne seg å sjå på prishistorikken før ein kjøper ei vare.

– Sjå også om det er tilvist til førpris. Viss ikkje, er ikkje sikkert at vara ein gong er sett ned i pris. Butikkar skal opplyse førpris når det er sal, fortel ho.

Nokre varer er oftare på sal enn andre. Om det har vore hyppige sal på julegåva du har sett deg ut, kan det vere eit godt teikn for lommeboka.

– Hald hovudet kaldt. Sjekk prishistorikken og sjå om det ofte er sal på same vare. Då er det nok ikkje lenge før den kjem på sal igjen, fortel ho.

Fraktkostnadane kan avgjere

Prisstatistikken frå Prisjakt gjeld varer kjøpt på nett. Ifølgje Forbrukartilsynet skal det ikkje vere stor skilnad på prisar i nettbutikk og i fysisk butikk.

– Det vil fort vere ulovleg med ulike prisar i butikk og på nett, om butikken til dømes ikkje opplyser heilt tydeleg om at det er eigne nettprisar. Uansett kan ein slik praksis opplevast uryddig for forbrukaren, seier Haugseth.

Det nærmar seg siste frist for å vere sikker på at varer kjøpt på nettet når fram i tide til julekvelden. Om du skal bestille frå nett, kan det vere lurt å sjekke fraktkostnadane.

– Ulike butikkar har forskjellige fraktalternativ, og nokre butikkar tilbyr gratis frakt. Det kan vere fraktprisen som avgjer kvar det blir billigast å handle til slutt, seier Vittersø.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)