NRK Meny
Normal

Utryddar malaria med skitne sokkar

Forskarar håpar dei har funne ein måte å stanse spreiinga av malaria i skittentøyskorga.

Utryddar malaria med skitne sokkar

Skitne sokkar skal fange mygg og hindre malariasmitte. Forskarane håpar det kan redde livet til mange tusen. Øvst til høgre kan ein sjå malaria-parasitten i eit blodlegeme.

Foto: Montasje: Colourbox.com/Centers for Disease Control and Prevention

Kvart år døyr 900.000 tusen menneske etter å ha blitt smitta av malaria. Ein billig måte å beskytte seg mot sjukdommen, vil vere veldig velkommen, skriv The Washington Post.

No blir ein veldig billig metode testa ut i tre landsbyar i Tanzania: Skitne sokkar.

– Det er ein frekk idé. Kven skulle tru at det finst livreddande teknologi i skittentøyskorga?

Det seier Peter A. Singer, sjefen for den kanadiske bistandsorganisasjonen som står bak forsøket.

Kronprins Haakon og myggnetting

Kronprins Haakon fekk demonstrert korleis myggnetting kan redde mange frå å få malaria.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Usain Bolt under "Race Against Malaria"

Den raskaste mannen i verda, Usain Bolt, deltok i 'Race Against Malaria' i Oslo under Bislet Games 7. juni.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix

Fotsveitte vs kjemikaliar

Laboratorietestar har vist at skitne sokkar er eit effektivt lokkemiddel for mygg , i alle fall fram til myggen finn ut at det ikkje finst blod dei kan suge. No vil forskarane prøve å lure myggen i ei skitten sokk-felle, der dei blir forgifta og døyr.

Om strategien virkar, håpar dei på sikt å kunne lage eigne myggnettingar med insektsmiddel som ein billeg måte å unngå malaria-smitte.

Eksperimentet vil bli det første der ein testar kva lokkemiddel som fungerer best av fotsveitte og kjemikaliar. Forskarane håpar fotsveitten vinn.

– Det er rett og slett eit kostnadsspørsmål, seier Fredros O. Okumu, ein insektsekspert frå Tanzania som leiar forskingsarbeidet.

– Sokkar er lett tilgjengeleg, og ein treng ikkje blande inn kjemikaliar. Dette er noko ein lett kan sette opp i små fabrikkar, seier han.

Ifølgje utrekningar kan slike sokke-feller, om dei fungerer, redusere talet på infeksjonar med 20 prosent.

«Fang og drep»

I testen er det laga feller som ser ut nesten som kommersielle bikuber. I nokre blir sokke-lokkematen lagt, og andre blir fylte med kjemikaliar.

Nokre blir også fylte med bomullsdottar som skulebarn har hatt i skoa sine ein dag. Om desse fungerer blir det enda billegare å fange malaria-myggen, då folk slepp å gjere seg av med sokkane sine.

Innsida på nokre av boksane blir smurde med insektsmiddel som vil ta livet av myggen. Andre boksar vil innehalde ein sopp som vil infisere myggen, og ta livet av han.

Etter ei tid vil forskarane telje kor mange mygg som er fanga med kvar metode.

Britiske forskere vil drepe malaria med sopp

Den britiske forskaren Angray Kang viser fram eit glas med malariamygg i sitt laboratorium i London. Han og kollegaene prøver å få ein spesiell sopp til å ta livet av malariaparasitten som blir spreidd av mygg.

Foto: Sang Tan / Ap

Ein forstudie gjort i Tanzania har vist at kjemikaliar tiltrekk seg fire gonger så mange mygg som levande menneske.

Forstudien viste også at dei skitne sokkane virka like godt som kjemikaliar, i alle fall på laboratoriet.

Det er første gong ein prøvar «fang og drep»-metoden på mygg for å hindre malaria-smitte.

Vanlege metodar for å kontrollere malaria har vore å prøve å halde myggen unna. For eksempel vart britiske tenestemenn oppfordra til å drikke tonic (med kinin) i malariautsatte strøk, noko som gjorde drinken gin og tonic populær.

250 millionar smitta årleg

Den absolutt største smittekjelda for malaria er myggen. Om lag 40 prosent av verdas befolking bur i område der ein kan bli smitta, og å redusere malaria er eitt av FN sine tusenårsmål.

Dei som får malaria, vil gå inn i ein influensaliknande tilstand. Etter nokre dagar startar feberanfall med rask temeraturauke, før anfallet sluttar med eit raskt temperaturfall der ein kaldsvettear mykje.

Kor sterke symptom ein merkar, er avhengig av kor alvorleg infeksjonen er.

Om ein ikkje er immun eller får behandling, vil vondarta malaria vere dødeleg.

Opp mot 250 millionar menneske blir smitta kvart år, men i Europa er det få tilfelle. I Noreg blir det rapportert i underkant av 100 tilfelle kvart år, og dødsfall er veldig sjeldan.

Malariavaksine gitt i Kenya

Malaria trugar halvparten av alle som bur på Jorda. Mange av dei som døyr, har framleis ikkje lært seg å gå. Her får ein ung kenyanar vaksine.

Foto: Joseph Okanga / Reuters

TV og radio

Vi fyrer med ved. Men hva slags ved skal man fyre med - og hva bør man absolutt ikke slenge i peisen? Vi tester ved og gir tips og råd om vedovner, gamle som nye. Og så ser vi på fiffige ved-dingser.
Kunne du tenkt deg å sove i same seng som kong Olav? I sesongpremieren på Solgt tar programleiar Frode Søreide med seg to lag med meklarar frå Austlandet til Narvik. Her skal dei tippe pris på tre eigedomar. Kven tippar nærast? Ei av utfordringane er eit gamalt og ærverdig pensjonat, som mellom annan Kong Olav har gjesta ved fleire høve. Sesong 5 (1:6)
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.