Stefan Hilt starta tidleg med forretningar. Men heilt frå starten har inkassokrava og klagene hagla mot den unge forretningsmannen.
Allereie som 20-åring sette Hilt seg i stor gjeld, då han lot vere å betale husleige for eit lokale han leigde til databutikken Games i Bergen sentrum. Seinare har talet på betalingsmerknader kome opp i 77 på Hilt personleg, og 114 på selskapet Multimedia Import Norge (pr midten av august).
Playstation 2
Våren 2000 starta Hilt import av verdas mest populære TV-spel, Playstation 2, gjennom selskapet Multimedia Import Norge. Det var venta å bli god butikk:
– Kravene mot oss blir småpenger nå, sa ein optimistisk Hilt til Bergens Tidende den gang.
Og pengane har strøyma på. Selskapa Hilt har vore involvert i har tent gode pengar. Sjølv står han oppført med ei inntekt på nesten 1,4 millionar kroner i likninga for 2000.
Harry Potter
I tillegg til Playstation 2-importen har Hilt også gjort det bra på sal av Harry Potter-effektar. I fjor vann han ei rettssak mot verdas største underhaldningskonsern, Time Warner, som ville ha eit forbod mot Hilt sin bruk av domenenamnet harrypotter.no.
I takt med pengestraumen har også bunken med klagebrev og politisaker auka på. Til no har Hilt kome seg unna det meste, ved å ignorere krava mot seg, gøyme seg unna eller ved å ordne opp i absolutt siste liten. Han har heimekontor på guterommet hos faren. Nyleg flytta han inn i nyoppussa kontor i Stadionveien 3 på Laksevåg.
Bedrageri
Frå før er namnet hans velkjendt hos forbrukarråd landet rundt. Nyleg sikta Hordaland Politidistrikt Hilt for minst 20 tilfelle av bedrageri. Han er skulda for å ha lurt kundar som ikkje har fått varene dei hart bestilt og betalt for. Dei stiller han personleg til ansvar, sjølv om Hilt hevdar han formelt er ute av dei selskapa som sel tv-spelet Playstation2.
Hilt er involvert i desse selskapa:
Multimedia Import AS (tilsett, seier han)
Multimedia Import Norge, innehavar og dagleg leiar
Multimedia Import Xbox, innehavar
Gameboy Advance & Harry Potter, innehavar
Harry Potter-butikken, innehavar