Hopp til innhold

Her får kreftpasienten operert inn verdens første kunstige luftrør

Svenske kirurgar har gjennomført den første transplantasjonen av eit syntetisk organ.

Transplantasjon av syntetisk luftrør

Den 36 år gamle pasienten skal vere i god form ein månad etter at han fekk operert inn eit syntetisk luftrør ved det svenske Karolinska Universitet.

Foto: Karolinska University Hospital / Ap

Det kunstige luftrøret vart laga av forskarar i London, før det vart dekt med stamceller frå pasienten.

Teknikken gjer at ein ikkje lenger vil ha behov for ein donor, og at det ikkje lenger er nokon risiko for at organet skal bli avvist av kroppen.

Ifølgje kirurgane kan eit slikt luftrør vere klart på berre nokre få dagar, skriv BBC.

Spørsmål om liv og død

Luftrøret til den 36 år gamle kreftpasienten Andermariam Teklesenbet Beyene var øydelagt av kreft som ikkje kunne opererast.

Sjølv etter omfattande kjemisk- og strålebehandling vaks svulsten framleis. Han var no like stor som ein golfball, og gjorde det vanskeleg for Beyene å puste.

Utan transplantasjonen, ville han ha døydd.

Ein månad etter operasjonen er Beyene i god form.

– Eg var veldig, veldig redd for denne operasjonen. Men det var eit spørsmål om liv eller død, seier han.

Luftrørkopi av glas

For å kunne redde livet til Beyane, måtte legane lage ein nøyaktig kopi av luftrøret hans. Det var ein omfattande prosess, som likevel ikkje tok mange dagane.

Professor Paolo Macchiarini

Professor Paolo Macchiarini leidde operasjonen i Sverige, og håpar no at teknikken kan brukast også andre stader.

Foto: Karolinska University Hospital / Ap

Først måtte dei gjere fleire 3D-skanningar av luftrøret til Beyane.

Etter å ha studert desse bileta, kunne legar ved University College London lage ein perfekt glaskopi av luftrøret hans.

Dette vart så frakta til Sverige, der det vart dyppa i stamceller henta frå ryggmergen til Beyene. Etter eit par dagar var fleire millionar hol i det porøse luftrøret fylte med kroppsvevet hans.

Sjølve operasjonen tok 12 timar, og vart leidd av den italienske professoren Paolo Macchiarini.

Han måtte først fjerne kreftsvulsten og det øydelagde luftrøret, før han kunne erstatte dette med det kunstige som var laga spesielt til Beyene.

Treng ikkje vente på donor

Macchiarini har tidlegare gjort ti luftrørtransplantasjonar, men til alle desse var ein donor nødvendig. Det vil ikkje vere nødvendig i framtida, håpar Macchiarini.

– Takka vere nanoteknologi kan vi no lage våre eigne pusterør på nokre få dagar.

– Dette er eit syntetisk luftrør. Det vakre med det er at ein kan få det med ein gong. Det er ingen forseinkingar. Denne teknikken gjer at vi slepp å vere avhengige av donorar, seier han.

Stamcellene som det kunstige luftrøret vart dyppa i, gjer at kroppen ikkje støyter frå seg det nye organet. Kroppen aksepterer luftreret som sitt eige. Dermed treng ikkje Beyene å ta sterke medisinar for å hindre avvising, slik andre pasientar må.

No håpar han at teknikken kan brukast på eit ni månadar gamalt barn i Korea som var fødd med eit misforma luftrør.

Beyene er snart på veg tilbake til Island, der han skal fullføre studiane sine før han reiser heim til familien sin i Eritrea.

Professor Paolo Macchiarini utfører transplantasjonen

12 timar tok operasjonen, men pasienten Andermariam Teklesenbet Beyene overlevde, og er i god form ein månad etter.

Foto: HO / Reuters

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)