Hopp til innhold

Tener 200.000 kroner i månaden

Kjøp feriebustad i utland og finansiér med utleige. Denne villaen blir leigd ut for 200.000 kroner i månaden.

Utleige i utlandet gir gode inntekter

Å leige dette gigantiske huset kostar 200.000 kroner i månaden. Også mindre objekt gir gode leigeinntekter.

Foto: Frode Søreide / NRK

Tom Greni i Nordic France Real Estate seier til NRK.no at kjøp av bustad i Sør-Frankrike er ei god investering. Leilegheiter og hus i dei mest populære områda som Cannes, Nice, Antibes og Juan Les pins kan leigast ut heile året.

– Det er ganske vanleg og leige ut. Pengesterke frå heile verda reiser til den franske riviera, så du er nesten garantert å få leige ut.

Sjølv eit bustadkjøp som er 100 prosent lånefinansiert kan ved utleige 22 veker i året dekke investerings- og finansieringskostnadene, fortel Greni.

70 prosent leiger ut

Agnar D. Carlsen

Agnar D. Carlsen i Norsk Megling.

Foto: Privat / Foto

Agnar D. Carlsen er fagleg og dagleg leiar i Norsk Megling AS. Han hjelper nordmenn med å kjøpe hus i populære ferieparadis som Frankrike, Spania, Portugal, Malta, Tyrkia og Italia.

– Om lag 70 prosent av våre kundar i Frankrike leiger ut feriehusa sine i tida dei sjølv ikkje brukar det og finansiere feriedraumen på den måten.

Leigeprisane varierer sjølvsagt frå storleik og kor dei ligg.

Ein luksuriøs villa med seks soverom, stor hage og privat symjebasseng i populære Mougins like ovanfor Cannes blir leigd ut for 200.000 kroner i månaden i høgsesongen. Huset vart kjøpt for 12, 5 millionar norske kroner.

Men også mindre objekt gir gode leigeinntekter.

– For eit hus med tre soverom og symjebasseng ligg vekeprisen på rundt 12.000 kroner. For fire soverom og privat symjebasseng ligg leigeprisen på rundt 15.000 kroner i veka eller 60.000 kroner i månaden, seier Carlsen.

Feriedraum i utlandet

Mange nordmenn kjøper seg bustad i utlandet og rundt middelhavet er veldig populært.

Foto: Frode Søreide / NRK

Høgsesongen varer normalt frå juni til september (10 veker). Men både vinterferie, haustferie og påskeferie gir gode prisar. På vinterstid er prisane mykje lågare. Likevel er det verdt å merke seg at dei franske alpane ligg berre ein til to timar unna Provence.

15 på venteliste

Ekteparet Mette Hovland Olsen og Knut Olsen frå Larvik har feriert ved den franske riviera sidan 1995. I fjor fann dei draumehuset på 265 kvadratmeter i hjarta av Provence. Eit landleg herskapsgods med fem soverom, gjestehus, privat symjebasseng og 8000 kvadratmeter hage – mitt mellom byane Draguignan og Lorgues. Huset kosta rundt 6,5 millionar norske kroner – med ved hjelpe av utleige får dei gode inntekter tilbake.

– Vi har berre positive erfaringar med å leige ut. Til neste sommar står det alt 15 personar på venteliste og i løpet av sommarmånadene har vi sikra oss leigeinntekter på 200.000 kroner.

Det er nok til å dekker våre utgifter. Nesten så vi kunne kjøpt oss eit hus til, smiler ekteparet.

I høgsesongen leige dei ut for rundt 30.000 kroner i veka. Om hausten og våren tek dei ca 15.000 kroner.

Feriehus i Provence

15 står på venteliste for å leige dette huset neste sommar i Provence.

Foto: Frode Søreide / NRK

Både leigeprisen og prisen på bustader varierar sjølvsagt frå kor den ligg. Ein villa med tre soverom og privat symjebasseng kostar frå tre millionar kroner og oppover. Leilegheiter kan du få for i overkant av to millionar kroner og oppover. Nær kysten og rundt Cannes kostar ein villa frå 7–8 millionar kroner og oppover.

Dyrare enn Spania

– Den franske riviera er tradisjonelt dyrare enn det ein ser i klassiske turistmål som Alicante og Torrevieja i Spania. I Frankrike har man ikkje hatt den store utbygginga som i nabolandet og det gjer at prisane er høgare. Men du får også gode leigeinntekter, fortel Carlsen.

Men også her i Frankrike har man merka finanskrisa.

Både i fjor og i år er talet på bustader til sals redusert med rundt 35 prosent. Franskmennene vil ikkje heilt innrømme det, men i realiteten har prisane falt med 10 til 20 prosent, seier Carlsen.

Ingen takstmann

Anne Magler i Norsk Megling AS har i ein årrekkje vore meklar for nordmenn som kjøper hus i Sør-Frankrike. Høg kronekurs og lav euro, i tillegg til dårlege somrar i Norge har gjort at stadig fleire nordmenn kjøper feriebustad i utlandet.

Anne Magler

Anne Magler i Norsk Megling.

Foto: Privat

– Alt er annleis ved kjøpa av bustad i Frankrike. Til og med franskmenn kan gå i fella her – for det er ikkje krav til utdanninga av meklarar her nede, slik som vi kjenner det frå Norge, understrekar Magler.

I Frankrike er det ingen takstmann. Kjøpar er difor pliktig til sjølv å sjekke den tekniske tilstanden. Det er heller ikkje vanleg med bodrundar. Prisen blir sett av seljar – ofte saman med agenten som sel objektet. Dette gir rom for pruting.

– Vår rolle er å prute prisen for norske kjøparar. Ofte er det sånn at det er fleire som prøver og selje same bustaden. I tillegg er det sånn i Frankrike at om du legg inn bud på prisantydning så er seljar pliktig og selje til deg, sjølv om det i ettertid kan kome andre som vil by meir, seier Carlsen.

Vel norsk meklar

Forbrukar Europa har eitt klart råd til nordmenn som kjøper seg feriehus i utlandet og det er å nytte seg av norske meklarar eller advokatar.

– Det gir ein ekstra tryggleik med tanke på at dei er underlagt norsk lov, har garantiordningar og forsikringar. Dessutan er ikkje språk eit problem, seier Ragnar Wiik, direktør i Forbruker Europa.

Til liks med i Norge må du skatte for gevinsten av utleige. Men du får også trekkje ifrå alle utgifter du har til vedlikehald på bustaden.

I Solgt på NRK1 20.15 torsdag handlar det om kjøp av feriehus i Frankrike.

Solgt i Sør-Frankrike

Solgt har vore i Frankrike og tippa bustadprisar på feriehus. Resultatet ser du på NRK1 torsdag 20:15.

Foto: Camilla Sand / NRK

Råd for kjøp og sal av eigedom i Frankrike:

  1. Feriere alltid i området før du kjøper noko. På den måten vil du finne ut om du vil trivast i området og kjenner til det lokale tilbodet.
  2. I Frankrike er ikkje bud bindande på same måte som i Norge. Du har sju dagar angrerett. Salet er først gyldig når du har fått kontrakten sendt rekommandert heim til Norge og du har signert han. Hugs å få alle papir oversett til norsk.
  3. Det er ikkje vanleg med fellesvisningar i Frankrike. Det kan difor ta lang tid å selje ein bustad.
  4. Du er to typar skatt du må betale i Frankrike. ”Taxe fonciere” som er ein kommunal skatt som varierar frå kommune til kommune. I tillegg må du betale ”Taxe d`habitation” som er ein fransk eigedomsskatt. Den kan variere frå kor bustaden ligg – storleik og standard.
  5. Det finst ingen takstmann i Frankrike. Kjøparen er ansvarleg for å undersøke den tekniske tilstanden. Ta gjerne med arkitekt, handverkar, ingeniør eller eigen takstmann for å sjekk tilstanden.
  6. Skal du selje bustaden i Frankrike må du betale 34, 5 prosent i skatt av gevinsten. (Blir noko redusert etter kvart som bustaden blir eldre)
  7. Meklarane i Frankrike er ikkje autorisert slik som i Norge og opptrer meir som agentar. Det er ikkje uvanleg at fleire agentar sel same bustad. Det kan vere ein fordel å velje ein norsk meklar.
  8. Ved sal og kjøp må du bruke ein notar som er ein offentleg tenestemann som tar seg av kontraktarbeidet. Vedkommande undersøker forhold ved bustaden og dette kan fort ta 2 til 3 månader. Hugs å få oversett alle papir til norsk før du signerer.
  9. Prisen på bustader er ofte sett av seljar i samråd med meklar. Det er sjeldan bodrundar i Frankrike og dermed rom for prisdiskusjon.
  10. Legg du inn bud på prisforslaget er seljar pliktig å selje til deg.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)