Han sa ingenting, men vart stille ei ganske lang stund, Berge Furre. Det kom heilt uventa på han å bli spurd om å preike på landsmøtet til Sosialistis Venstreparti. For i programmet for landsmøtet i Tromsø inngår gudsteneste i Ishavskatedralen laurdag 8. mars på ettermiddagen som ein del av programmet.
Min første tanke var at dette er ikkje heilt utan problem, fordi eg meiner det ikkje er ei oppgåve for eit politisk parti å arrangere ei gudsteneste. Men etterkvart er eg komen til at det er ei god løysing å delta, fordi det er kyrkjelydane i Tromsø som har invitert SV-landsmøtet til å vere med på gudstenesta. Dermed er det ikkje noka prinsippiell hindring i å svare ja til invitasjonen, seier Furre.
Eit politisk parti er ikkje noka sekt eller eit religiøst samfunn. Eit parti har tilhengjarar med ulike livssyn, men som er samde om politiske saker og politiske mål. Da må ein halde tunga rett i munnen så ein skil mellom oppgåvene til ei kyrkje og til eit politisk parti, meiner Furre.
No tykkjer eg vi fann ei god løysing. Det var partisekretær Bård Vegar Solhjell (bildet) som først kom på at ei gudsteneste burde stå på programmet til SV-landsmøtet. Etter ein intern debatt bad SV-leiinga kyrkja i Tromsø om å invitere landsmøtet til gudsteneste, og den invitasjonen har vi no takka ja til, og eg skal preike, seier Furre.
Eg har fått positive reaksjonar frå partimedlemmer, og kolegaene mine ved det teologiske fakultet tykkjer det er flott.
Eg trur ikkje vi verken vinn eller taper på dette. No ligg det i tida også for dei politiske partia på venstresida at kristendommen sine verdiar har mykje positivt med seg. I eit samfunn der pengar og kapitalisme held på å knuse dei menneskelege verdiane, er det på tide å vakne for andelege verdiar, meiner Furre.
Dette kunne ikkje ha skjedd for ein mannsalder sidan. Etter krigen vart kyrkja sett på som borgarskapet si kyrkje, og da var den eine halvparten av folket. Dette har no endra seg.
Furre, som også er kyrkjehistorikar, seier at både internasjonalt og nasjonalt er kyrkja vorten ein alliert for dei svake i samfunnet. Døme på det er kampen mot apartheid i Sør-Afrika, vårt eige kyrkjemøte engasjerte seg mot atomopprusting, i kampen mot gasskraftverk og i det siste ser vi engasjementet mot krig.
Gudstenesta på landsmøtet er ikkje uttrykk for noka tvangskristning av SV-politikarar. Det er eit tilbod for dei som måtte ønskje det, og dei som ikkje vil gå, dei slepp! Og etter gudstenesta samlar landsmøtet seg til fest.
Dette er kjempeflott, seier nestleiar Øystein Djupedal. Ei solidaritetsgudsteneste viser alle kan gå saman. Eg som humanetikar skal delta på gudstenesta, legg han til.