Hungeren etter søtsmak kan vere vanskeleg å stå i mot for dei fleste av oss. Og matvareprodusentane veit å utnytte dette.
- Les:
I mange av matvarene vi trur er sunne, skjuler det seg ofte store mengder søtstoff, og innhaldsoversikta kan ofte vere vanskeleg å tyde.
Visste du til dømes at HFSC, FSC, maltodextrin og oligofruktose er namn på sukkertilsetjingar i matvarer? Eller at «sunne» pålegg som kaviar, leverpostei, bacon og makrell i tomat blir tilsett sukker?
Kryptiske namn
Sukker er ein billig og effektiv ingrediens som gjer oss hekta på ferdigmat. Kosthaldsekspert Fedon A. Lindberg fortel til
at det vanlege kosthaldet i Noreg inneheld alftor mykje karbohydrat.– Industrien utviklar mat for å selje mest mulig, og tene mest mulig. Det enklaste er å blande nesten like store mengder karbohydrat (sukkerartar og stivelse) og fett. Det er billig, og det smakar godt.
- Les:
Kjært barn har mange namn. Finn du nokon av desse på varedeklarasjonen i daglegvarebutikken, betyr det at maten er tilsett sukker:
- Sukrose
- Sakkarose
- Glukose
- Dextrose
- Fruktose
- Maltose
- Maltekstrakt
- Glukosesirup
- Druesukker
- Laktose
- HFSC
- FSC
- Maissirup
- Oligofruktose
- Maltodextrin
Sukkersøt frukost
– Sukker og søtsmak er noko matindustrien veit at forbrukarane likar. Vi er evolusjonsmessig tilpassa det å like og oppsøkje søt og feit mat, sidan dette før i tida var energirik mat vi måtte slite for å få tak i, fortel Lindberg til Forbrukerportalen.
Drikkeyoghurt, frukostblanding og brunost sørgjer for at norske frukostbord er langt frå så sunne som vi trur. Desse er nemleg på høgde med laurdagsgodt når det gjeld sukkerinnhald.
- Les:
Lege og kosthaldsekspert Fedon A. Lindberg fortel til Forbrukerrådet sitt magasin at dei som er arveleg disponerte for diabetes 2, overvekt eller hjartesjukdomar, er i lite fysisk aktivitet, søv dårleg eller stressar mykje bør vere ekstra påpasselege med sukkerinntaket.
Vi bør ete meir som i gamledagar
Kanskje overraskande for mange, er det heller ikkje fett som er den største syndaren i fedmeepidemien.
– Sukker og stivelse feitar mest, fordi desse aukar blodsukkeret og insulinet i kroppen, seier Lindberg til Forbrukerportalen.
Tilarbeidd mat med høg glykemisk indeks er verst. Dette er den maten som gjev størst blodsukkerbelasting.
Lindberg fortel at nesten 40 prosent av energiinntaket vårt kjem frå tilarbeidd mat og brød. Skal vi halde oss friske og bekjempe fedme, må vi lære av forfedrene våre.
– Et mest mulig naturleg mat, og et verkeleg variert. Kosten vi har tilpassa oss evolusjonært er fisk, sjømat, fugl, egg, nøtter, frø, røter, frukt og grønsaker. Les innhaldsdeklarasjonen, og unngå matvarer der sukker er blant dei tre første ingrediensane, er rådet frå dr. Lindberg.