Hopp til innhold

500.000 får biverknadar av kosmetikk

Berre 0,1 promille av kosmetikkreaksjonane vert rapportert til Bivirkningsregisteret.

Rynkekrem

Flest kosmetikkbiverknadar skuldast ulike typar hudkrem.

Foto: MARCIO JOSE SANCHEZ / AP

Har du fått utslett og kløe av hudkrem, shampoo, hårfarge eller anna kosmetikk? Du er ikkje åleine.

Ein halv million nordmenn fekk i fjor biverknadar som følgje av kosmetikkbruk. Berre 0,1 promille av desse tilfella vart registrert inn til Bivirkningsregisteret, som er eit samarbeid mellom Mattilsynet og Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Plikt til å melde frå

Berit Granum, seniorforsker ved Folkehelseinstituttet

- Farmasøytar er flinkare enn legar til å melde ifrå, seier Berit Granum i Folkehelseinstituttet.

Foto: PRESSEFOTO
Trond Egil Hansen, leiar i Allmennlegeforeningen

Trond Egil Hansen i Allmennlegeforeningen meiner at ikkje alle kjem til legen med biverknadane.

Foto: Photograhper Mark Cabot / PRESSE

Ifølgje Berit Granum i Nasjonalt folkehelseinstitutt er farmasøytar flinkast til å melde frå, medan legar er langt ifrå flinke nok.

– Dette skuldast kanskje at det er lågare terskel for å gå tilbake tilbake til apoteket der produktet er kjøpt, enn å bestille ein legetime, seier Granum til NRK.no.

Legar, tannlegar, helsesystrer og farmasøytar har ifølgje lovverket meldeplikt opplysings- og meldeplikt når dei får kjennskap til at kosmetikk gjev alvorlege biverknadar.

Leiar i Allmennlegeforeningen, Trond Egil Hansen, meiner at grunnen til underrapporteringa kan vere at langt ifrå alle går til legen med reaksjonar på kosmetikk.


– Det kan nok hende at det vert gløymd somme gonger, men eg trur mange skjønar kva dei reagerer på og sluttar å nytte produktet, utan å kontakte helsepersonell, seier Hansen.

Les òg:

Farleg farge

Hårfarge gjev dei alvorlegaste reaksjonane, som til dømes hevelsar i andletet og i nokre tilfelle sjukehusinnlegging. Hudkrem er det folk oftast reagerer på, men dette gjev sjeldan like alvorlege biverknadar.

Forbrukarundersøkjinga, som er gjort av Synovate, på oppdrag frå Mattilsynet, konkluderer med at ni av ti ikkje melder ifrå om biverknadar ved kosmetikkbruk.

Fleirparten av innrapporteringane kjem idag frå helsepersonell.

Oppgradering

Folkehelseinstituttet arbeider no med å oppgradere nettsidene sine, slik at informasjon om registeret og melderutiner er meir tilgjengelege både for forbrukar og helsepersonell.

Idag skjer rapporteringa anten via ein elektronisk pasientjournal, eller på eit postsendt meldeskjema.

– Men me ynskjer framleis at rapporteringa fyrst og fremst skal gå igjennom helsepersonell, fordi me då er sikrare på å få inn den informasjonen som er naudsynt for å gjere ei årsaksvurdering, seier Granum.

Neglesprett

Registeret er eit viktig reiskap for å kartleggje kva stoff i kosmetikk, som kan vere skadelege. Til vanleg vil Mattilsynet ta grep etter fem til seks meldingar, avhengig av alvorlegheitsgrad. Dei vil då i enkelte tilfelle henvende seg til EU for å endre regelverket.

Tre månader før biletet er teke fall begge desse neglene av.
Foto: Mattilsynet

Eit døme på at rapportering har ført til endringar er negleherdarar. I nokre spesiallakkar, som er laga for å styrke neglene, er det høge dosar formadelhyd.

– Forbrukarar har mista negler som følgje av bruk av slike lakkar. Maksgrensa for formaldehyd i negleherdar er i dag på fem prosent, ei grense me ynskjer å senke ytterlegare, fortel Julie Tesdal Håland i Mattilsynet.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)