Hopp til innhold

Sti for øye

Kva kan ein gjere om ein er lei av tunnelar og asfalt på E 18? Ta ein avstikkar til eit kunstgalleri i ein bøkeskog i Stokke!

Mosegrodd skogbotn
Foto: Tove Fugelsnes / NRK

 

Landskapsarkitekt Rainer Stange
Foto: Tove Fugelsnes / NRK

Ein biltur langs E18 gjennom Vestfold er ikkje akkurat ei naturoppleving. Ein kjører i lange tunnelar eller i djupe vegskjeringar tilrettelagt for dei som fortast mogleg skal komme seg til hytta i Blindleia. E 18 er ein serievaldtekt av vestfoldnaturen, seier landskapsarkitekt Rainer Stange.

Sti for øye

For å vise oss kor vakkert det kan vere i Vestfold lagar han saman med andre ildsjeler ein tursti som skal gå gjennom eit kunstgalleri ute i ein frodig bøkeskog i Stokke.

12 forskjellige kunstnarar frå heile Europa deltek med m.a. bronsjeulvar, gigantiske keramikkblåbær, tronstolar, fargerike fuglekassar og meterlange smykkebuer med perler som dreg blikket opp mot himmelen.

Lyskunst i skogen

Stien er lagt på indianarvis gjennom skogen, rundt tuer og trær og kunsten og naturen blir opplyst av lyskunstnar Erik Selmer, han som har lyssatt Lærdalstunnelen.

Like etter at du har passert avkjøringa til Tønsberg på veg sørover E18 tek du av til høgre mot Andbu og kjører opp den flotte alleen ved kyrkja og så heilt fram til Fossnes senter. Her startar Sti for øye.

På plass neste haust

Først hausten 2008 er alt på plass men alt no kan du vandre 1,7 km på ein vakker skogsti som fører deg opp mot utkikspunktet med fri sikt til Slottsfjellet ved Tønsberg.

Prosjektleiar Grethe Meyer Iversen fortel at mange alt går tur på Sti for øye og i året som kjem skal det kvar månad innviast eit nytt kunstverk. Ein ivrig gjest på turstien er elgen som vandrar med lange steg gjennom bokemoane (bøkeskogane) i Stokke. Det er eit yrande fugleliv og for dei som er opptatt av geologi, her finn du også raud rombeporfyr som elles er å finne berre i Antarktis og på Kilimanjaro i Afrika.

Naturens verden, NRK P1, vandrar gjennom Sti for øye søndag 4. november. Med seg på turen har programleiar Tove Fugelsnes landskapsarkitekt Rainer Stange, prosjektleiar Grethe Meyer Iversen og kunstnar Elfi Sverdrup.

Tove sender ein takk til guten frå Fossnes som passa på Niba under skogturen.

Høstfarger i Stokke
Foto: Tove Fugelsnes / NRK

 

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)