Hopp til innhold

Stadig sjeldnare i butikken

Ni av ti nordmenn handlar på nett, og kvinnene har tatt igjen sine teknofile partnarar når det gjeld digitale innkjøp.

Mari Monrad

Mari Monrad handlar mest til junior på nettet.

Foto: Steinarr Sommerset

Å gå i butikken for å sjå og ta på varene før vi kjøper dei, har tradisjonelt vore viktig. Men ikkje no lengre.

Ei fersk undersøking syner at 9 av 10 nordmenn har handla varer på internett det siste året, og stadig fleire er kvinner.

Og trass i skremselshistorier om internettsvindel stolar vi på nettbutikkane - heile åtte av ti føler seg trygge på sikkerheita når dei handlar i nettbutikkar.

- Større utval og enklare å samanlikne produkt

Ulrikke Kristensen

Ulrikke Kristiansen likar det store utvalet til nettbutikkane.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

NRK.no møter småbarnsmor Mari Monrad på trilletur i Oslo. Ho er ein av mange som har bytta ut handleturen med nettsurfing.

– Eg kjøper mest babyting og dvd-filmar. Eg føler at utvalet er betre på nettet, og at det er lettare å sitje og kike gjennom tilbod i sitt eige tempo i nettbutikkane.

Venninna Ulrikke Kristensen har også merka at ho handlar oftare på nettet enn før.

– Eg handlar både klede til ungane, kosmetikk og hobbyartiklar. Eg har til og med kjøpt sko på nettet.

Ho meiner nettbutikkar har mange fordelar i høve til tradisjonelle butikkar.

– Eg finn ofte eksklusive tilbod på nettet, og så slepp ein då å innom mange ulike butikkar for å samanlikne prisane. Eg blir ofte sitjande og surfe litt på kveldane for å sjå kva som finst: det er nesten skummelt lett å nytte pengar på nettet.

- Merkverdig godt nøgde

Undersøkinga er den største i sitt slag i Noreg, og er utført av Opinion på oppdrag frå datanettbutikken mpx.no.

2250 nordmenn har blitt spurde om forbrukarvanar og handlemønster på nettet. Mange av tala er overraskande, fortel administrerande direktør i Opinion, Ola Gaute Aas Askheim.

– Vi trudde at lav pris var viktigaste grunn til at folk handlar på nettet, men dei fleste legg større vekt på sikker, enkel og lett tilgjengeleg handel. I tillegg er fire av ti særs godt nøgde med handelen på nettet, dobbelt så mange som i tradisjonelle butikkar, noko som er merkverdig.

Det at norske forbrukarar tenkjer mindre på pris enn andre faktorar, blir bekrefta i ei liknande undersøking Carat presenterte på oppdrag frå Elkjøp i september.

I tillegg er kjønnsskilnadane som Opinion venta å finne innan netthandel nesten ikkje til stades.

– Kvinner og menn handlar ulike ting på nettet, men det er faktisk hårfint fleire kvinner enn menn som har handla på nettet det siste året. Så hypotesen om menn som meir aktive nettbrukarar kan vi nok leggje død – her kan ein drage parallellar kvinnenes bruk av sosiale medier.

Vi kjøper stadig nye varegrupper på nettet

Ola Gaute Aas Askheim

Ola Gaute Aas Askheim, adm. dir. i Opinion.

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Nordmenn er i følgje Askheim no heilt i verdstoppen når det gjeld netthandel. Meir enn 50 prosent svarer at dei handlar meir enn før, medan nesten like mange seier at dei vil handle meir på nettet i framtida enn i dag.

Heile 56 prosent av barnefamiliane i undersøkinga seier at dei vil handle meir på nettet i tida som kjem.

– Dette tyder på at vi vil sjå nye marknadar vekse fram på nettet. Barneklede, leiker og sportsutstyr vil bli meir vanleg å kjøpe frå sofakroken, seier Askheim.

Billettar på salstoppen

På netthandeltoppen ligg flybillettar. Heile 17 prosent av alle norske transaksjonar på nettet er flyreiser.

Dette kan småbarnsmødrene Mari og Ulrikke bekrefte.

- Ja, naturlegvis, flybillettar! Det går vel ikkje an å kjøpe andre stadar enn på nettet lengre?

Åtte av ti nordmenn har kjøpt billettar til kulturopplevingar på nett det siste året, seks av ti har kjøpt datautstyr, medan møblar overraskande nok blir kjøpt på nett av kvar tredje nordmann.

Stolar mest på norske butikkar

Netthandel

Fort gjort å leggje at lommepengane på verdsveven.

Foto: Colourbox

Tre av fire nordmenn handlar i norske nettbutikkar, og opplever dette som tryggast - seks gonger så mange føler forbrukarrettigheitene står sterkare i norske enn i utanlandske nettbutikkar.

Kanskje ikkje så overraskande heng nordmenn over 50 år framleis langt etter på netthandel.

– Lufta har gått litt ut av seniorsurf-ballongen. Det må nok bli bli jobba mykje meir med demokratisering av nettets mogelegheiter framover, meiner Askheim.

Vi handlar smartare på nettet

Stian Gabrielsen

Stian Gabrielsen, dagleg leiar i mpx.no

Foto: Steinarr Sommerset / NRK

Dei klart viktigaste grunnane til at vi handlar på nettet framfor i butikken er i følgje undersøkinga komfort. Dei spurde legg vekt på at netthandel er enkelt, at ein slepp å stå i kø, og at ein kan handle i sitt eige tempo frå sofakroken.

Dagleg leiar mpx.no, Stian Gabrielsen, hadde også venta å sjå større fokus på pris blant forbrukarane.

– Vi ser no at nordmenn i mykje større grad nyttar nettet til å skaffe seg kunnskapar om varene dei er interesserte i, og brukar mykje tid på å førebu handelen ved å samanlikne prisar og dele anbefalingar med andre forbrukarar.

Gabrielsen meiner eit godt døme på nettets styrka posisjon er at Microsofts nye operativsystem Windows 7 blir tilgjengeleg på nettet før det når butikkhyllene.

Spår meir utbreidd butikkdød framover

Undersøkinga syner at opplevinga av å gå i ein tradisjonell butikk er mest knytt til negative ting som kø og dårleg service. Askheim i Opinion meiner at tradisjonelle aktørar er nøydde til å ta nettets suverene styrker innover seg.

Om ikkje, trur analytikaren at vi vil sjå ein langsam butikkdød i mange bransjar framover.

– I USA ser ein at butikkane i større grad har blitt til «showrooms». Forretningane prøver å lokke kundane med opplevingar som dei ikkje kan få på nettet. Eg trur dette vil og må bli meir vanleg også i Noreg for å konkurrere med nettbutikkane.

Askheim seier vidare at mange av oss går i butikken for å sjå nærare på varene før vi kjøper dei på nettet. Enkelte varer, som til dømes legemiddel, kjøper vi framleis helst over disk.

Ulrikke Kristensen som vi møter på trilletur i Oslos gater, er ein av dei som ikkje er klare for å verte heildigital forbrukar slett enno.

– Klede ser ofte litt annleis ut når dei kjem i posten, så det er eit produkt eg føler at eg må prøve ut i butikken. Og mat vil eg nok aldri kjøpe på nettet; det er noko med opplevinga av å kunne gå rundt og ta på og kjenne lukta av varene.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)