Hopp til innhold

Søvnlause får sjølvmordstankar

Ny forsking syner at søvnproblem aukar risikoen for sjølvmordstankar.

Mange sliter med søvnproblemer
Foto: Bjørn Lien / NRK

Menneske som lid av kroniske søvnproblem, slit oftare med suicidale tankar enn andre.

Ein ny amerikansk studie syner at personar med to eller fleire symptom på søvnvanskar, har nesten tre gongar så stor risiko for å forsøke å ta sitt eige liv.

Søvn viktig varsellampe

- Å vakne for tidleg eller å ha vanskar med å sovne om natta, er noko helsemyndigheitene må vere på vakt på som ein risikofaktor for sjølvmord - sjølv når pasienten ikkje har ein psykiatrisk diagnose, seier Marcin Wojnar ved universitetet i Michigan som leia forskingsarbeidet.

5700 amerikanske kvinner og menn var med i forsøket, og ein tredel av forsøkspersonane rapporterte om søvnvanskar.

Forskarane justerte tala utifrå faktorar som psykisk helsetilstand, rusmiddelmisbruk og sosiale utfordringar.

Resultata synte at det å vakne minst to timar tidlegare enn ønskjeleg, var den mest konsistente koplinga til sjølvmordstankar.

Blant dei som sleit med dette, hadde dobbelt så mange hatt suicidale tankar eller sjølvmordsplanar, og nesten tre gongar så mange hadde prøvd å ta sitt eige liv.

Kan redusere sjølvmordsrisiko

I følgje Verdas helseorganisasjon, WHO, tek kring 877 000 menneske livet sitt kvart år. I Norge er talet over 500.

For kvart dødsfall, freistar mellom 10 og 40 personar å ta sjølvmord.

Forskarane bak den nye studien trur søvnmangel kan påverke hjerna, og føre til svekka dømmekraft og kjensle av håpløyse. Det kan også vere snakk om uheldige kjemiske reaksjonar i hjerna.

- Funna våre syner at eit auka fokus på søvnproblem truleg kan redusere risikoen for suicidale tankar og handlingar, seier Wojnar i følgje nyheitsbyrået Reuters.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)