– Når vi har fått medhald i desse sakene, fører det til at vi vil senke terskelen for å kople inn politiet ved mistanke om alvorlege regelbrot. Det seier direktør Gunnar Jordfald i Statens Næringsmiddeltilsyn (SNT).
Alvorleg
At politiet no skriv ut bøter på tilsaman sju hundre tusen kroner er ein siger for næringsmiddeltilsynet. Fordi det viser at også politiet ser alvorleg på at forskriftene blir brotne.
Avskrekkande
Jordfald trur bøter frå hundre tusen til fire hundre tusen kroner vil verke avskrekkande på verksemder som leikar med tanken om å jukse for å tene meir pengar. Dei som eventuelt skulle falle for den freistinga, vil få med eit strengare SNT å gjere i framtida.
Liv og helse
– Sjølv om det i desse sakene ikkje handla om risiko for liv og helse, er det viktig for oss at kontroll-ledda frå slakteri til forbrukaren ikkje blir brotne, seier Jordfald, og minner om at reglane er laga nettopp for å verne om liv og helse.
Inspirasjon
Han har tidlegare kritisert politiet for å ha somla med etterforskinga av kjøt-jukset. Halvanna år etter at han melde Nor Cargo Thermo, Ringøen AS og Toma Mat til politiet har han fått inspirasjon til å trappe opp kampen mot juks i kjøtbransjen.