– Snorkinga blei verre når ho var forkjøla. Og plutseleg kunne ho kome med eit kort gisp etter luft, seier Vibecke Lid om dottera Ariela på 11 år.
Jenta var plaga med kraftig snorking og pustestopp under søvn, men ikkje nok til å få medisinsk hjelp. Etter å ha trena tunga og ansiktsmusklane i nokre månader, søv ho ifølge mora mykje rolegare.
SØV BETRE ETTER ANSIKTSTRENING: Vibecke og Ariela Lid oppsøkte hjelp for Arielas søvnproblem.
Foto: PrivatSpesialiserte seg på tungetrening
Dei søkte hjelp hos terapeut Malin Staaf. Ho er ein av få i Noreg som har spesialisert seg på trening av tunge- og ansiktsmuskulatur som behandling for blant anna snorking og søvnapné.
Metoden er prøvd ut av forskarar tilknytt Stanford-universitetet i USA over fleire tiår. I fjor blei den
Kort fortalt går den ut på å stramme opp musklane i svelget, så det ikkje klappar saman under søvn og gir snorking.
– Finn n-punktet
Staaf gir pasientane øvingar ut ifrå kva problem dei har.
For nokre kan overvekt legge svelget under press. Å ha liten underkjeve eller smal gane kan gjere luftvegane trongare. Men alle kan få hjelp, meiner Staaf.
Etter nokre månaders trening skal pasientane helst ha lagt seg til fire vanar:
- Pust berre med nasen, alltid med munnen lukka.
- La tunga kvile oppe i ganen.
- La tungespissen kvile på n-punktet. Det er staden denne legg seg når du uttaler bokstaven n.
- Svelg riktig. Tunga skal aldri vere borti framtennene når du svelger.
For å få til dette, skal pasientane gjere ulike øvingar i 3-5 minutt morgon og kveld.
TREN BORT SNORKING: Får du tunga til å fungere riktig, kan du bli kvitt snorkinga, viser amerikansk forsking.
Illustrasjon: Ingunn Rauk / NRK– Ved å styrke muskulatur og funksjon i tunga, kan du unngå at ho sig bakover og hindrar pusten mens du søv, fortel Staaf.
Ho understrekar at treninga er eit tillegg til og ikkje ei erstatning for behandling av snorking og søvnapné.
Snorking med pustestopp kan vere farleg
Snorking er ikkje farleg. Men det kan vere vanskeleg å skilje frå sjukdommen søvnapné.
Denne gjer at ein fleire gonger i løpet av ei natt sluttar å puste i meir enn ti sekund. Pasienten blir trøytt og sliten, og kan få høgt blodtrykk.
Mellom 8 og 16 prosent av oss har søvnapné som krev behandling.
Oftast får pasienten ein CPAP-maskin. Den held oppe luftvegane ved å blåse høgtrykksluft gjennom ei maske over nasen og munnen. Men mange synest den er vrien å sove med.
MASKINELL BEHANDLING: Det går nok greitt for dokkene, men ekte menneske kan slite med å slappe av med CPAP-maske over ansiktet.
Foto: Kathrine KrømkeVil gi fleire tilbod om snorkebehandling
Søvnforskar Harald Hrubos-Strøm har tru på munn- og ansiktstrening som del av behandlinga. Han er overlege ved øyre-nase-halsavdelinga ved Akershus universitetssjukehus.
No vil han saman med andre forskarar undersøke metoden. Dei vil sjå om dei finn same effekt som i andre studiar.
– Då har munn- og ansiktstrening potensial til å bli ei viktig behandling for motiverte pasientar med søvnapné, meiner Hrubos-Strøm.