Mange kremar inneheld i dag fleire helse- og miljøbelastande stoff.
FBI fikk hjelp av Forskerfabrikken til å lage ein eigen krem fri for slike stoff.
Her er oppskrifta.
Vatn og olje
Hanne S. Finstad i Forskerfabrikken hjelper FBI programleiar Marit Evertsen Grimstad å lage krem.
Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRKDei fleste kremar inneheld både vatn og olje.
Desse stoffa vil i utgangspunktet ikkje løyse seg i kvarandre.
I denne kremen brukar ein to typar feitt som er i fast form i romtemperatur. Det er kokosfett og stearinsyre.
Desse må varmast opp slik at dei blir flytande før dei blandast saman. Pass på å bruke vernebriller.
Dette treng du:
Ingrediensar:
- Kokosfett
- Parafinolje
- Stearinsyre
- Trietanolamin
- Glyserol
Dette treng du for å lage din eigen hudkrem.
Foto: Tobias Sakrisvold Martinsen / NRKUtstyr:
- 2 begerglass
- 1 større beger/behaldar til å lage vassbad
- 2 skeier
- 1 målesylinder på 100 ml
- Vekt
- Kokeplate
- Briller.
Slik gjer du:
Lag klart eit varmt vassbad med kokande vatn som du kan sette begera i for å gjere dei varme.
Sorter først stoffa i fettløyselige og vatnløyselige stoff og ha dei i kvart sitt beger.
Vatnløyselige stoff: veg 1,0 g trietanolamin i eit 250 ml begerglass. Tilsett 5,0 g glyserol og 30 ml vatn.
Fettløyselige stoff: veg 20 g kokosfett, 5 g parafinolje og 5 g stearinsyre i et anna 250 ml begerglas.
Lag eit vassbad med kokande vatn sett først plastbegeret med dei feittløysande stoffa i vassbadet og rør med skeia i blandinga til den blir gjennomsiktig, ta den ut av vatnet og sett det tilside. Varm også opp innholdet i begeret med vatnløyselige stoff og rør godt.
Når begge er varme tømmer du dei vatnløyselige stoffa over i i plastbegeret med dei fettløyselige stoffa, rør godt til kremen blir tjukk og kjøl den ned i kaldt vassbad.
Hell kremen over i beger eller krukker med lokk.
I kjøleskapet kan du oppbevare kremen i tre månader, har du den i romtemperatur held den berre i ein månad..